torsdag 17. februar 2011

På ski

Då eg for mange år sidan gjekk av med AFP-pensjon, kjøpte eg meg skiutstyr.
No skulle vinterforma sikrast.
Men det vart berre med nokre få skiturar. Etter nærast å ha forfrose både fingrar og tær, vart skiene sett vekk og fekk støve ned i fred og ro.
Men i dag hende det.
Eg fann ut at no fekk eg ta å turke støve av dei igjen.
Sol og fine løyper framme på Bondalseidet lokka, og eg let meg lokke.
Ski og stavar fann eg fort, men kvar var skorne?
Som så ofte før når eg står fast, så måtte eg ha hjelp av mi kjære, og ho visste kvar dei var.


Vel framme på eidet fekk eg på meg skiene og byrja gå, sjølv om sola som hadde lokka meg, vart borte bak skyer.
Der var gode og breie løyper, og mange løyper.
Og som sagt - det er mange år sidan sist eg var der i slikt ærend, så her gjaldt å velje rett veg når løypa delte seg.
Åmskaret, som eg hadde tenkt meg til, låg lenger oppe enn eg var, derfor valde eg løyper som gjekk oppover og ikkje nedover bakke.
Det vart mykje fiskebein-gåing for det vart etter kvart mange bakkar. Og det undra meg. Eg kunne ikkje hugse at det var så mange og bratte bakkar for år attende.
Hadde eg valt feil i eit løypedele?



Eg hadde granskog på begge sider av løypa, så det var ikkje så lett å sjå kvar løypa enda. Men til lenger opp eg kom, til sikrare vart eg på at eg hadde valt feil ein stad nede i lia.
Og når løypa så svinga mot aust og Eitrefjellet, var eg heilt sikker. Her var det berre å krysse mot vest gjennom laussnøen.
Vel igjennom skogen ser eg målet framfor meg, på skarhøgda mot Follestaddalen.
Nede i dalsøkket under meg, ser eg løypa eg skulle ha valgt, og små skigåarar på veg både opp og ned.


Eg nådde målet, Åmskaret,
Framfor meg, nede i dalen, bukta elva seg, og med tuna på rekkje og rad nedover mot fjorden som låg der ute i vest, blank mellom fjella.

Første skituren på mange år.
"Og vi var samde om at det hadde vore ein gild tur", var standard avslutning på skulestilane mine i barndomen.
Ja, turen var gild, - men - det var ikkje heilt fritt for at det var ein sliten kropp som vel heime kunne strekke seg ut på sofaen.

1 kommentar: