mandag 7. februar 2011

Ein mandag i februar

Det har vore ein vinter med mykje ver her vest, og februar ser ut til halde fram i same sporet.
Her eg sit i godstolen ved verandadøra, ser eg småfuglen i travel matauk framfor meg. Det er mest meiser, dompapp og nokre raudstrupar som nyttar seg av mi kjære si småfuglomsorg.
Lenger ute i fjorden tjuknar det til i eit grått teppe, og fjorden byrjar å toppe seg i kvite bårer.
Slik har det vore lenge no.
Men der er teikn på att noko nytt er i emning.
Vest i fjorden ser eg at markene er frie for snø. Her lenger inne er det framleis kvite marker, men isen i vegen som har vore ei sann plage i mange veker, er på det meste borte frå vår veg.

Det stod eit lite vers om denne vinteren i avisa idag. Det var ei kvinne litt lenger sør på kysten som sumerte den opp slik.

Mykje ver!

Oktober tok oss på senga med snø,
November vart kald, isen la seg på sjø!
Desember - den kaldaste vi har hatt!
Så januar - då vart det mildver og glatt.
Kva vri mon me då i februar får?
Me veit kje - men kan kanskje venta på vår?


Dette biletet er nok eit år gamalt. Eg må nok vente nokre veker enno før eg ser hestehoven dukke opp i vegkanten.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar