onsdag 20. august 2025

Augustkveld

Så er også i år august månad på hell. Dei lyse sommarkveldane er over, no mørknar det ute nå kvelden sig på. Om ikkje mange dagane blar vi over kalendarane til den første haustmånaden,  september. Og ein morgon får vi sjå kvit snø på fjelltoppane, og trea sine lauv skifter farge frå grønt til raudt, gult og brunt. 
Før mørkret og natta heilt sigra i kveld, var der over fjella eit gjenskin av dagen sitt lys mellom skyene i vest.
Då dukka desse  orda til Olav Mosdøl sin kveldssalme  opp i minnet mitt.

Det syng så vakre tonar gjennom kvelden
 når himlens Herre samlar ljost inn.
Dei siste ljodar døyr i avdagsskjelven
og skaparhender lange skuggar bind.

I kveldens røyst det ligg ei stille minning
om Herrens fred til alle han har kjær
Dei milde strålar er ei kjærleg helsing
til vener som han no vil stige nær.

Ver still mi sjel lat songen meg få binde
ein gullan tråd av bøn i himlen inn.
Ver audmjuk sjel så du kan vegen finne
og eige arv der æveljosa skin.

søndag 17. august 2025

Kjente jeg deg?

I dag skulle eg feira mi kjære sin 78års dag, men no er det alt 4. året sidan ho gjekk bort av krefta ho vart råka av.
Ho var ung då vi vart eit ektepar
Ho mangla nokre få dagar på å fylle 18 då ho stod brud i Veøy kyrkje, og tidleg vart ho mor.
Men ho hevda alltid at vi to var meint for kvarandre, sjølv om nok ikkje alle dagar i samlivet var like enkle å handtere. Tidleg mor, dårleg økonomi dei første åra,  og den utdanninga ho hadde ynskt seg, fekk ho ikkje.  Men aldri høyrde eg henne klage. 
Det er med ei  djup takksemd  eg sit att etter samlivet med henne som var meg så kjær.
Likevel, det står ikkje til å nekte for at sidan ho gjekk bort, så har eg ofte granska mi rolle som hennar make i dei åra vi fekk saman. Ofte er det i netter når svevnen let vente på seg.  Det er nok ikkje alt eg kan rose meg av overfor henne, desverre. Der er nok mykje som skulle vore usagt og ugjort. Men som Arnulf Øverland skriv i sitt dikt. Ei hustavle. 
Der er en sorg i livet som inger tårer kan lette. Det at det var for sent da du skjønte dette.

Og her er det Rolf Jacobsen set ord på noko han kjente på då hans kjære Petra gjekk bort. Og som eg kjenner meg att i når eg i stille stunder minnast henne som gjekk bort i 2022, men som framleis er mi kjære Bodil.

Kjente jeg deg
egentlig. Noe
du aldri  fikk sagt
eller, vi lot ligge. Halv-
tenkte tanker. En skygge
som strøk over ansiktet.
Noe i øynene. Nei 
jeg vil ikke tro det. Natten
har ingen lyd. 
Bare rare tanker. Ord
som stiger opp av søvnen:
Kjente jeg deg 


fredag 15. august 2025

Ildfluene

Det var den aftenen med ildfluene
vi stod og ventet på bussen til Velletri
at vi så de to gamle som stod og kysset
hverandre under platantreet.
Det var da 
du sa, halvt ut i luften,
halvt til meg:
Den som har elsket lenge
har ikke levd forgjeves.

Rolf Jacobsen

Så vert dei verande desse tre. 
Tru, von og kjærleik.
Og størst av dei er kjærleiken.

1. Korintarbrev kap.13, vers13
 Brevskrivar : Paulus frå Tarsus.






torsdag 14. august 2025

Plutselig i desember

Mi kjære og eg skulle ha feira 60års brullupsdag i dag. Ein strålande varm augustdag i 1965 sa vi ja til kvarandre i Veøy kyrkje, og byrja på vårt samliv. Eg hadde gledd meg og sett fram til 60års feiringa, men slik gjekk det ikkje. I mars månad i 2022 sigra kreftsjukdomen og ho sovna inn. Og eg fekk ei grav å gå til. Sidan har dagane mine innimellom vore prega av sorga, saknet og vemodet.
Eg møtte ei som hadde vore enkje nokre år, og ho spurde kor det gjekk. Eg fortalde om saknet. Det vil du alltid ha med deg, sa ho, det vil minke men vert aldri borte. 

Eg har byrja fylgje tidlegare biskop i Hamar, Solveig Fiske, på Fjesboka, og i hennar tankar inn mot natta, kom og  lyrikaren Rolf Jacobsen inn i min synsvinkel. Og hjå han har eg funne mangt som finn atterklang i meg. Her kjem eit av dei. Eg kjenner meg att i hans tankar der han står ved si kjære Petra si grav, slik eg i mine tankar står ved mi kjære  Bodil si grav. 

Plutselig i desember. Av Rolf Jacobsen.

Plutselig. I desember. Jeg står til knes
i sne.
Snakker med deg og får ikke svar
du tier.
Elskede, så er det altså hendt. Hele livet 
vårt,
smilet, tårene  motet. Symaskinen din
og alle arbeidsnettene, Reisene våre,
tilslutt: 
- under sneen, Under den brune 
kransen.

Alt gikk så fort. To stirrende øyne. Ord 
jeg ikke forsto, som du gjentok og 
gjentok.
Og plutselig ingenting mer. Du sov.
Og nå ligger de her.  Alle dagene, 
sommernettene,
druene i Valldolid, solnedgangene i 
Nemi
- under sneen,  Under den brune
kransen.

Lynsnart som når en bryter slås av
blir alle billedsporene bak øyet
tonet ned,
visket ut av livets tavle, eller blir de
ikke?
Den nye kjolen din, ansiktet mitt, trappen 
vår
og alt du bar til huset. Er det borte?
 - under sneen, Under den brune
kransen.

Kjæreste venn, hvor er vår glede nu
de gode hendene, det unge smilet,
hårets lyskrans over pannen din, ditt
mot og dette overskudd av liv og 
håp ?
- Under sneen. Under den brune 
kransen.

Kamerat bak døden. Ta meg ned til deg.
Side ved side. La oss se det ukjente.
Her er så ødslig nu, og tiden mørkner.
Ordene blir så få, og ingen hører mer.
Kjæreste, du som sover, Evrydike.
- Under sneen. Under den brune
kransen.










tirsdag 5. august 2025

Lærdom

5.august. Tja, kva skal ein seia til det?
I dag byrjar eg nedtellinga på mitt 84. år, så får eg med tida sjå kva det fører med seg.
Kanskje er det på slike dagar at livet, og erfaringane frå dei mange dagane og åra før, får lov å melde seg på. Ein kan ikkje gjere noko med dei. Dei står der i minnet, både det gode og det vonde som eg gav,  og fekk.
Eg har, sidan unge år, bore med meg visdommen i Arnulf Øverland sine tre vers, som han kalla Hustavle.

Der er en lykke i livet
som ikke vendes til lede
Det at du gleder en annen
det er den eneste glede.

Der er en sorg i verden
som ingen tårer kan lette.
Det at det var forsent
da du skjønte dette.

Ingen kan resten av livet 
stå ved en grav å klage.
Døgnet har mange timer.
Året har mange dager.

Eg kom over nokre vers av Alf A Sæther som er inne på noko av same livserfaringa, livsvisdommen. Det tek eg med meg inn i dagane framanfor, når eg skal telje ned dei 365 til neste årmålsdag.

Så får roden på himmelen vi fekk her ein kveld,  stå og lyse over desse orda.
Og minnet om henne eg fekk dele dagar og år med, få ungdoms dagar til dei gråe hår.

Å elska 
er å vere stille
nesten heile tida
og ha varme hender.

Å elska 
er ikkje å vakta,
men å sjå ein annan veg
til rett tid.

Snakk ikkje om ekstasen
når du meiner 
kjærleiken.
Dei bur på kvar sin stad
og møtast
skjeldan.

Snakk heller 
om å gå til fots
gjenom ti tusen kvardagar
og aldri halda opp
med å vera den rette.

Å elska
er å tenna lys
og tørke tårer,
natt og dag.







lørdag 2. august 2025

"Sukk"

I jula hadde eg eit fall under vitjinga hjå mi eldste dotter. Vel heime i romjula vart det vitjing hjå doktor som igjen førde til nokre dagar på nærsjukehuset der hjartet mitt stod i fokuset. Og når nyåret var over fekk eg  på sentralsjukehuset innlagt eit lita databrikke i bringa for å overvåke korleis hjartet mitt fungerte.  - og med seks månaders karantene for bilkøyring.  Har eg merka noke hjarteproblem desse seks månadane  ? Nei, ikkje i det heile, og det er då positivt.  Positivt har det og vore at born og gode frendar har gitt meg skyss når eg har hatt trong for det. Og at eg i desse vekene utan førarkort har fått nytte apostlane sine hestar i større grad enn før, må og kome ut på den positive sida.
Men når no dei seks månadane er over, er eg ikkje like nøgd med situajonen. Eg vil gjerne få løyve til å setje meg bak rattet igjen, men nei. Det er ikkje så enkelt.
To gonger har eg vore med lege for å få helseattest for fornying av førarkortet, som gjekk ut i karenstida. Men nei, det kunne han ikkje gje meg. Han hadde ikkje fått melding frå sjukehuset på at han kunne gje meg det, sjølv om eg, atten dagar over karenstida fekk telefon frå sentralsjukehuset på at alt var i orden og eg kunne byrje å køyre att.
Etter kontakt med sjukehuset fekk eg til svar att det var ferietid, men legane skulle sjå på det når ferien var over, og august hadde byrja. Men mi sak låg nok inkje øverst i bunken. Og når dei hadde gjort sitt, så var det  legane på lokalsjukehuset som så ville ta kontakt med meg, men heller ikkje der ville mi sak  ligge  først i bunken. Og når dei med tida hadde hatt eit møte med meg og gitt meg resultatet av dei seks månadane, så ville dei sende resultatet til min journal hos fastlegen.. Då først kunne eg kontakte han for å få min helseattest, med vona om å få fornye førarkortet mitt, og kunne setje meg bak rattet i min eigen bil att.
Då hadde det vore fint om eg kunne gått inn på mi side i Helsenorge og få sjå når fastlegen hadde fått meldinga inn på min journal, men nei, det går ikkje,  for HelseMidt gir ikkje tilgong til pasientane sine journalar, slik dei andre helseområda gjer.
Seks månader køyrekarantene fekk eg. No har eg byrja på den åttande månaden og framleis veit eg ikkje kor lenge det skal gå før eg igjen har eit gyldig førarkort. Sukk. Er det dette ein kallar byråkrati ?

.