lørdag 21. juni 2025

Sommarsolverv

Klokka 04.42 den 21.juni snudde sola, som vi brukar å sei om sommarsolverv. Frå no vert dagane litt kortare og nettene litt lenger for kvar dag. Men likevel så vonar eg at framfor oss ligg det mange varme og solrike dagar, både i juli og august.
No går klokka mot 22.30. Utanfor mitt vindu er sola sine strålar borte for denne dagen. På andre sida fjorden skin ho endå, men skuggane byrjar å verte lange.  Og på medet mitt, Sandhornet, har sollyset fått ein litt rosa let, som kjem når sola nærmar seg horisonten ute i havet i vest. 
Det vart ein dag med sol etter kvart. Skyene forsvann til fordel for ein skyfri blå himmel. Men i natt som kjem, dreg det kortvarige høgtrykket austover, og i morgon er dei grå skyene der igjen, og ut på dagen kjem regnet att.