Denne julehelga opplevde eg røyndomen i utsegna. Juledag fekk eg plutseleg og uventa 2-3 sekund black out som gjorde at eg fann meg liggande på golvet med ei øm venstre side, men heldigvis utan å ha brote noko bein i kroppen.
Eg var gjest den̈ne julehelga hjå mi eldste dotter, men å køyre heimatt vart eg nekta. Så den tenesta gjorde ho meg, og ikkje berre det. Tredje dag vart det etter påtrykk frå henne, både doktorvitjing og påfylgjande innlegging på sjukehuset for resten av romjula.
Sidan eg no hadde svima av to gonger i løpet av 5 år, så var fokuset til legane, korleis er det med hjartet denne karen, fungerar det som det skal ?
Og den andre dagen av nyåret vart det vitjing på Ålesund sjukehus, denne gong med mi andre dotter som sjåfør. for å få lagt inn ei lita sak i bringa mi, som skal overvåke hjerterytma mi i 6 månader.
Og så plutselig er dagane mine totalt endra, ikkje på grunn av denne vesle saka i bringa mi, men fordi eg ikkje får lov å setje meg bak rattet og køyre ein tur i desse 6 månadane.
Frå no av vert det å nytte apostelane sin hestar når eg skal nokon stad, eller be einkvan om skyss dersom avstanden vert for lang til å gå. Noko som eg med førarrett for bil ikkje har hatt bruk for sidan eg fekk den retten, og eigen bil for akk så mange år sidan.
Så det vert ein ny lærdom å ta med seg vidare, Noko som ikkje har vore mi lettaste side tidlegare.
Jærdiktaren Helge Torvund har nokre enkle ord som truleg har vore til hjelp for mange. No får vel eg ta dei til meg.
"Lyset du treng finst."
Mange har det då mykje verre enn eg. Det er då beŕre retten til køyre min eigen bil i 6 månader det står om. Det må eg overleve.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar