Vi kan vel ikkje skryte av det her dei siste dagane i januar. Likevel hadde eg nok venta meir kulde enn vi har no. Mi kjære likte å sjå kva vær vi kunne vente oss ved hjelp av almenakka. Utifrå den las ho tidspunkta for når månen var ny eller full. Og dei tidspunkta fortalde henne kva vær vi kunne vente oss.
Eg har prøvt meg litt på det eg og i seinare tid. Og sidan den siste nymånen og den komande fullmåne tende i nord så hadde eg venta kaldare vær og snø. Noko vi ikkje har fått sålangt i denne perioda.
Her er bære markar og vegar og blømande snøklokkar. Rett nok kom det litt kvitt i fjella i natt, men skiføre for dei som saknar det er det heller lite av.
Gje det ville vare seier eg.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar