mandag 20. januar 2025

inn i det ukjende

Eg sit og ser opp kveldshimmelen. Den har rosa skyer. I dag ser vi på Yr når vi ynskjer å vite kva vær vi får i morgon. I tidlegare tider, i våre eldre forfedre sine dagar var det ein kunst å kunne  tolke teikna i skyer, vind og månefasar for vite kva slags vær morgondagen ville ha i famn.
Det ukjende har alltid ei spenning med seg.
Første året eg gjekk pilegrimsvegen mot Santiago de Compostela hadde eg denne spenninga i meg. Ikkje på kva vær vi ville få neste dag, men sidan vi gjekk i ukjent landskap gjaldt undringa på kva som ville møte oss bak neste ås, bak neste sving og i neste landsby. 
Det gjorde at før neste vandring måtte eg kjøpe meg ei guidebok for landskapet vi skulle gå i.
Eg er framleis undrande på om eg var ein pilegrim, eller om eg var mest turist.
Det skilje kan vi nok gjere på turar vi dreg på, men i liva våre frå vogge til grav er vi alle pilegrimar, der nyttar det ikkje å kalle seg ein turist. Der er kvar dag ny og ukjend, den spenninga må vi leve med heile livet vårt her på jorda. Som det heiter i songen " eg er ein framand, eg er ein pllegrim. Berr ei kveldstund, berr ei kveldstund er eg her .. "
Kva som skjer når pilegrimsferda vår her er over veit vi lite om. Litt har vi fått vite i dei heilage skriftene, men det meste må vente til vi går over grensa ein gong, ein dag der framme.
I eit julemagasin fann eg nokre vers av Karin Gundersen. 3 små vers. Dei sette meg på desse tankane eg har sett ned her over. Dei to første versa lyder slik.

Du kan ikke vite hva som skjuler seg bak en dør.
Døden eller livet?
Evig død eller evig liv?
Sankt Peter med nøkkelen til Paradisets port.
Han ser etter deg i manntallet.

Julenatt. Stallen og krybben som teater.
Den fjerde veggen er borte og åpner mot publikum  (oss). 
Her er det ingen dør, bare å gå rett inn!










.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar