torsdag 21. november 2024

Kains ætt

Det er kald vinter ute med snø over frosa jord.
Det er også vinter på vår vesle blå klode der endå ein gong krig og  hat og vald rår. 

Han Børli hadde ein verdskrig bak seg då han i 1945 skreiv desse orda. 
Kunne dei ikkje likegodt handle om våre dagars verd, vi som og er av Kains ætt?

Kains ætt  - 2

Jeg lytter med angst i brystet.-
Jeg lytter mot verda derute
hvor stålstemmer  skriker
ved hatet og hevnens åtsler.
Jeg kjenner en angst i brystet
fordi du, menneske,
har glemt å elske din bror.

Hvorfor drepte du ditt smil, menneske
når din bror smilte?
Hvorfor lo du
når din bror gråt?
En skadefro latter
er gjenferd 
av ei dødfødt glede.

Jo, fordi vi som er menneskene,
er hans ættlinger
hvis offerrøk feides mot jorda
av nattens vinder:

Kain!
Veit du ikke, menneske,
at du eier et hjerte i barmen? -
Ei rød og botnlaus kjelde
som speiler all skapningens
drøm om Gud
i si stille, lysvåre flate.

Jo, du veit det, 
for kvinnene smiler til barnet
som Eva i skyggen av kunnskapens tre
smilte til Kain -
sin førstefødte

og hender møtes,
hender stryker,
og lepper kviskrer:
Jeg elsker - -
- - - 
Så dvel da menneske,
 ved hjertets kjeldebredd
og søk i djupet
skjæret av det første gry!

Å, menneske
din botsferd er lang
tilbake 
gjennom årtusenenes ørken.








lørdag 16. november 2024

Haust

Så kom det endå ein smak av vinter, men det er kanskje ikkje anna å vente no som vi er komne midt ut i november. 
Jon Fosse skriv om den aldrande Asle at han ofte sit i stolen sin innfor vindauget og ser utover fjorden. Ein fjord som stadig skifter fargar og let, alt etter vær og vind.
Der kjenner eg meg att. Eg har og min stol innfor vindauget der eg ser ut mot fjord og fjell , og den stadig skiftande himmelen over. 
I dag er den grå og  uværstung. Og det ligg kvite hagl på tregolvet utanfor døra.
Men det er ikkje livlaust utanfor glaset. Eg har mykje besøk av småfuglar, mest meiser, men også andre arter vitjar mine to  foringsplassar. 
Det er triveleg å fylgje med fuglelivet så nær innpå glaset.Det kortar på dagane.

lørdag 9. november 2024

Skumringstimen

Det går mot kveld også denne dagen.                I sør raudnar skyene av lyset frå den dalande sola. Snart sigrar mørket og kvelden over lyset og dagen  her mellom fjella. Skumringstimen heitte stunda før, før  elektrisiteten tok bort skumringa i hus og heim.
Etter at mi kjære døydde frå meg, leitar eg ofte opp att skumringstimen med sin fred og ro. 
TV og radio får kvile då med sin støy. I staden har det  vorte ettertanken og minna si stund, medan dagslyset svinn og mørkret sig på.

Svenske Stig Johansson har eingong sagt noko eg titt kjem attende til.
"Alla desse dagar som kom och gikk, inte ante jag at det var livet.

Mange år fekk vi ilag. Dagane og vekene gjekk og vart månader og år. Fulle av skiftande  hendingar og arbeid. Gleder og sorger. Born og borneborn kom til og vaks opp. 
Og så, brått så endra alt seg. Ho var borte og eg stod att på ein gravkant. Ho eg hadde så kjær var ikkje med meg i mine dagar lenger.
Alle desse dagar som kom och gikk, var over, tok slutt.
Vel, ikkje heilt. Dei kjem og går enno, men alt endra seg likevel  den dagen ho ikkje var hos meg lenger.
Etter det har eg bygja å setje pris denne stille stunda innfor vindauget. Ettertanken og minna sin time . Skumringstimen.
Alla desse dagar som kom och gikk. Inte ante jag at det var selva livet.

søndag 3. november 2024

Min plass

Det var ledig ved sida hennar då eg kom inn i kyrkja, og sidan ho var ei eg kjente, sette eg meg inn i benken og helsa god helg.
Ved ein av dei fremste stolpane som held oppe galleriet, og som tek litt rom i den benken. 
Eg bit ikkje, sa ho då eg ikkje sette meg heilt inn til henne. Eg orsaka meg med at min plass helst var ut mot vangen av den benken der eg brukte å ha min plass. 
Det var Helgemessesøndag. Her ved stolpen, sa ho, sat alltid min mann når vi var i kyrkja. 
Då kom eg på at der hadde og min far sin plass, og hans far og i den tida han levde. Men det har av ulike grunnar ikkje vorte min plass. 
Ein av grunnane var nok at eg vart tilsett i kyrkja. Som kyrkjetenar hadde eg min gang i bakgrunnen når kyrkja fylltest av kyrkjelyden til gudstenester eller gravferd.
Så vart eg klokkar, som det tidlegare heitte. Då hamna eg i klokkarstolen framme i koret.
Men og innfor alterringen ved alteret, som prestevikar, har eg fått prøvt meg. Første gongen fekk ein telefon ein tidleg søndag morgon frå soknepresten. Han måtte fylgje kona sin på sjukehuset den søndagen då fødselsveane hadde byrja for henne. Du får ta gudstenesta, sa han. Det vart byrjinga på nokre år som prestevikar, med biskop Bondevik si velsigning.
No må eg tilstå at det er godt å finne sin plass i kyrkjebenken, og berre ta imot det som gudstenesta har å gi ein eldre pilegrim . Og la øyre og hjarte roe seg. Og å kjenne at det er ei velsigning å sitje  der i benken, saman med kjende og kjære medvandrarar på vegen mot æva.
.