onsdag 9. november 2022

Zodiackretsen

Eg har lenge vore nyfiken på teppet inne i alterringen i mi heimekyrkje. Teppet kom der ved 90-årsjubileumet for kyrkja i 1954. Teppet er vakkert laga og det har vevd inn 12 symbol. Eg vart klår over kva slags symbol det er tale om då ein konfirmant som knelte ved alterringen, spurde kvifor stjerneteikna var i teppet. Ikkje dei vi brukar å sjå i ukeblad når det vert fortalt kva den som er fødd under ulike teikn skal oppleve i den næraste framtid. Seks av dei teikna såg eg framfor eit alter i Nidarosdomen. Men dei tolv teikna i mi kyrkje sitt alterteppe er annleis og dei går  går under namnet zodiacteikn, så vidt eg skjønar.
Dersom vi tek teikna frå det lengst borte, ved kneleskammelen, og den ytterste ringen av teikn ved alterringen, så har vi først fiskane, vidare løva, væren, jomfrua, tyren, tvillingane, vekta, skyttaren og så det lengst borte, på hi sida av alterbordet, skorpionen.
I den indre ringen er det tre teikn, frå same kant, krepsen, vassmannen og til sist; steinbukken.
Det som undrar meg er kvar ho som laga teppet i si tid fekk ideen om å veve desse symbola inn i teppet frå. Så langt eg har funne ut, er det er oftast i gamle katedralar i sørlege land at ein kan finne symbola brukt i kyrkjer, og då ofte i glasmåleri.
Men astroloigiteikn, stjerneteikn, i kyrkjer; kva tyder det?  Kva skal dei fortelje. Det kan ikkje vere spådomsteikn, det er i så fall ikkje kristent.  
Men kva slags kristen tyding kan det ha?
Er det dei 12 stammene i Israel?
Er det ein jødisk arv frå då dei var deporterte til Babylon?
Eller er det dei 12 apostelane som har fått kvar sitt teikn?
Eller er det noko heilt anna?
Eg ser at i gamle katolske katedralar er teikna eit bilete på årstidene, med tre teikn for kvar årstid, men då som ein sirkel med Kristus i sentrum. Men er det tenkt slik her, då vert alteret, Kristus, sentrumet for teikna i teppet, for året sin gang frå vår til sommar, haust og vinter? Er det det ho som vov teppet, eller dei som valde motiva og godtok dei, tenkte? Det svaret kan dei ikkje gi. Dei har alt lenge ligge i sine graver. Og noko skrive om emnet har eg ikkje funne i noko vedtak i gamle sakspapir frå dei aktuelle åra.

Vel, ein dåre kan spørje meir enn ti vise kan svare, og svaret har eg ikkje. Men det har undra meg å finne dei 12 stjerneteikna på gulvet ved alteret i mi heimekyrkje.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar