torsdag 3. november 2022

Ein kvilestad

Eg har fått ei grav, eller to, å gå til dette året. Det har endra dagane mine det å ha graver å gå til. Ho som eg levde livet saman med i mange år har fått sin kvilestad på kyrkjegarden. Det same har min eldste bror. Der dei ligg grav i grav - som det står i det 5.verset av salmen "Gud signe Noregs land". Men denne våren fekk eg to som kviler der. Det er sårt og det er vemodigt, men slik er livet. Vi får ta imot både gleder og sorger gjennom åra våre her.
Etter at mi kjære vart råka  av sjukdomen, talmast bort og til slutt sovna stilt inn, er der eit spørsmål som har vore ofte framme i meg. Kven er vi ? Kva er livet, døden og æva. Kva skaper eit menneske? 
Vi talar om oss sjølve og seier at vi som menneske er samansette av tre deler,  ånd, sjel og kropp, men desse tre er likevel sameina i eitt.  Kva meiner vi med det? 
Som nestenprest med løyve til å forette gudstenester, dåp og gravferder har eg mange gonger stått ved ei grav og forkynt over den døde, med tre små spader jord på ei kvit kiste,   at av jord er du komen, til jord skal du verta og av jorda skal du atter stå opp.
Eg må tilstå, eg har undra meg mykje over kva som er røyndomen i desse orda. Inneheld dei heile sanninga om livet, døden og æva? Om anden, lekamen - og sjela?
Til helga er det Helgemesse i kyrkjene. Då vil eg sitje i kyrkjebenken og høyre at namna på mine to kjære som døydde frå meg dette året verte nemnt, og lys verte tent for dei, og eg  vil stå ved to graver og minnast dei to som har fått sin kvilestad i jorda der. Men er dei der, er det ikkje berre lekamane deira. Men anden deira og sjelene deira, er dei der?
Eller er det slik vi syng i ein song; lat lekamen kvila med fred i si grav, mi sjel ho er heime hjå Gud.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar