mandag 12. oktober 2015

Kortur til Loen og Olden



 


Tunnellane gjennom Austefjorden og Kviven til Hornindal har opna for ei lettare rute til indre Nordfjord for oss her på Søre Sunnmøre, og med det ein lettare tilgong til å oppleve nye stadar og ting.
Sist søndag prøvde kyrkjekoret eg er med i seg på dette, då  vi tok vegen til to av bygdene i Stryn kommune, Loen og Olden. Begge kjende turiststadar, men denne gongen var det ikkje den storslegne naturen som var hovedmålet, men to bygningar.
Først vitja vi Loen kyrkje, ei åttekanta kyrkje frå 1837, med mange fasinerande ting frå den gamle stavkyrkja. Koret deltok i gudstenesta, og sidan kyrkja ikkje er så stor, og det denne sundagen var mykje som hende, både dåp, konfirmantpresentasjon og kyrkjebok til 6-åringane, så var kyrkje fullsett. Og då fekk koret æra av å sitje å brikje, raudkledde som vi er når vi er kor, på begge sidene av koret under gudstenesta.
 

   











Etter  gudstenesta gjekk turen ned på det store hotellet i bygda for ein velsmakande lunsj. Diverre var tida litt for stutt til at fjellentusiastane i koret kunne klatre opp fjellet og ta turen over brua som heng over jølet høgt der oppe. Det fekk nok vente til ein annan gong.
Etter lunsjen sette vi, gode og mette, kursen til nabobygda, Olden, og heimen til ein rik amerikanskfødd målar, William Henry Singer jr.med hustru Anna. Der fekk vi høyre den spennande soga om livet deira, og om livet i deira store hus, med gjestar og tenestefolk. Og om deira rause gåver til både bygdefolk og bygdelag, med både vegar og sjukehus som dei finansierte.
Men i huset i Olden var det "upstairsdown downstairs". I tredje etasje var gjestane sine rom, i hovedetasjen heldt ekteparet til, medan tenarskapet sin plass var nede på grunnplanet. Det var fru Singer som rådde i huset, medan Singer sjølv heldt seg mykje i atelieret han fekk reist litt lenger nede i bakken. Og der nede, i eit lite gravkapell, ligg dei begge to i dag.

På ein så gild og opplevingsrik søndags-utfklukt høyrer eit gruppefoto og med, her med tenarbustaden på Singer-heimen som bakgrunn. Ei viss standsulikskap kan ein nok ikkje så bort frå for oss på vitjing i 2015.. Korleis det vart opplevt i Olden, i tidsromet mellom dei to verdskrigane i det førre århundre, seier ikkje soga noko om.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar