tirsdag 6. oktober 2015

Haust

 




Så er hausten komen. Rognen står med raude bær og gule blad, og i liene skiftar trea farge , litt for kvar dag. Ein sommar er over. Vi kom ikkje så langt, mi kjære og eg denne sommaren. Det lengste vart ei og ei halv mil til nabobygda, elles har vi stort sett helde oss heime og pusla med vårt. Men no på hausten har vi prøvt å skaffe oss litt trim utover å køyre bil. Og då er trimmen grunna på å bruke føtene opp i dei flotte fjella rundt bygda vår.  Vi gjorde for litt sidan ein første test på korleis det stod til med forma etter sommaren sine dagar. Vi vart med ei dotter og hennar make då dei skulle erobre bygda si "Bessegg", men underteikna måtte kaste inn handkledet før vi nådde første toppen. Og då vart det å returnere ned til setra i dalbotnen og ta setrevegen attende til bilen.  Men flott utsyn framover fjell og dalar fekk vi med oss, om vi må ha i vente til ein annan gong det store utsynet mot bygda og fjorden i vest.    Etter den ikkje heilt vellukka turen den gongen, var eg noko spent på kor det ville gå i dag då vi tok ut på neste tur mot ein fjelltopp. Denne gongen var det saman med son og soneson som ville ha oss med opp på Helgehornet som ragar opp på andre sida av fjorden, sydvest for vår grend. Og i dag gjekk det lettare. Eg kom opp utan dei lange kvilepausane. Frå toppen er det eit vidt utsyn i alle himmelretningar. Til øyane og havet langt i vest, til breane sør i Nordfjord, og fjella innover mot Hjørundfjord, og så til dei to bygdebyane som ligg så nær kvarandre. For meg er nok mi eiga bygd, med fjorden og fjella rundt den fagraste.






For den yngste i laget var det spennande å kome opp på toppen for fyrste gong, og då måtte sjølvsagt toppboka fram slik at det kunne noterast at han hadde vore der.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar