lørdag 3. mai 2014

Litt av kvart


Før eg forlet min vesle rundtur i Marokko, så la meg ta med nokre små glimt utanom dei historiske attraksjonane eg fekk vitje. 
 I Marrakesh såg vi nokre høgreiste palmer med noke blankt i toppen. Ikkje dumt å kamuflere dei moderne radioforsterkarane slik.

Geiter som klatrar i tre er ikkje noko vanleg syn for meg, men desse klatrar for å leite etter godsaker. Argannøtter. Men det er berre det ytre skalet dei vil ha. Resten overlet dei til andre å dra nytte av.



På kvinnekollektiva bearbeidar dei det som geitene ikkje vil ha. Det indre skalet og nøttekjerna. Her sit kvinnene og knekker nøttene med stein mot stein. Skalet vert nytta til brensel.







 
Men kjerna vert melen på små kverner, og så blanda med vatn for å presse ut oljen frå kjernemassen. Oljen vert så nytta mellom anna til hårbalsam, og til matolje. Den er meir haldbar enn olivenolje så den står seg lenger.


 Gateseljarar var det mange av. Kvinner som selde smykke av ulikt slag. Og menn med belte og andre lærvarer. . Landsmenn av meg hadde lært nokre eit norsk uttrykk som dei i god tru brukte. Ekte krims krams. Vel alt var nok ikkje krims krams, om noko var det. Noke var nok ekte vare. Og rimeleg sett med norske auge.

Og dei små butikkane viste ofte fram eit fargerikt skue av kle, keramikk og andre suvenirar.





Te av minte må vere Marokko sin nasjonaldrykk. Og å lage den er ikkje gjort i ei handevending. Mange og omstendige handlingar av varmt vatn og minteblad før små glas vart fyllte med teen, men så smakte den også smakte fortreffeleg











Drosjene har og sitt særpreg. To slag av dei. Det er dei store kvite "mersane" som har sine faste stoppestadar, og som køyrer når bilen er full. Og så dei små "petit taxi", ofte med bagasjebrett på taket. Og av dei har kvar by sin farge. Jordfarga i Marrakesh, blå i Rabat og Essaouira, kvite i El Jadida og raude i Casablanca. Så ved å sjå på drosjene så veit ein kva by ein er i.


I utkantane av byane såg eg ofte kontrastane mellom gamalt og nytt. Men sjølv om husa - hyttene - såg skrøpelege ut så stod parabolantenna på taket, og dyra gjekk og beita langs gatene. På jordstykke fulle av søppel og flygande plast. Og der var mykje aktivitet på nybygging. Det såg ikkje ut til vere noko krise på byggefronten i landet.
Men kontrastane var likevel store mellom by og landsbygd. I landskapet gjekk dei jordfarga husa mest i eit med landskapet rundt dei.
 
Heller ikkje alle husklynger var bygde på så sikker grunn. Nokre var bygt på heller utrygg grunn. Tyktest det meg. Men dei var nok heller ikkje plaga med for nært naboskap, om dei såg det som noko positivt.










 Husa var ikkje berre flotte og moderne bygardar, eller kvitkalka hus i tronge gater. På landsbygda såg dei litt annleis ut. Dette minte meg om ei fortelling frå evangelia, om dei mennene som bar sin lame ven til Jesus, men som måtte opp på taket og bryte det opp for å få senke han ned framfor føtene til meisteren frå Nasaret




 
Skulle eg vore gjetar trur det hadde vorte lange dagar, men overalt på landsbygda såg vi desse mennene stå som saltstøtter ute på markene, medan store eller små flokkar av dyra beita rundt dei.
Gjerde såg eg lite av, i alle fall ikkje piggtråd som det var så mykje av langs vandringsvegane i Frankrike. Men for første gong såg eg kaktusplantasjer, og kaktus brukt som inngjerding av åkrar og jordstykk
 
Og ute på kysten, kilometer lange sandstrender. Tome, eller mest utan eit einast menneske. Her kunne ein ha stranda mest for sjølv, men kanskje det var for tidleg på året?
 
Eit gapande hol. Romet er mørkt men frå spegelbiletet av holet, i vatnet for føtene mine, ser eg lyset frå verda der ute strøyme ned i det mørke romet. Lyset  frå ei anna og ukjend verd. Slik har det etter kvart vorte for meg å reise til ukjende land og stader. Dei er som mørke rom, men når eg er der og opplever dei, då strøymer lyset inn og openberrar det ukjende.
Den moderne byen er, trur eg, etter kvart nokså lik over heile jorda. Og det er ikkje for å shoppe på dei store og moderne handelshusa med sitt vareutval eg dreg, men det er den lokale maten, historia, fortellingane, sed og skikk,  og landskapet som lokkar.
Derfor vandringane. Derfor Spania, Italia, Skotland, Israel. Frankrike, og no sist Marokko. Og om nokre få veker er det igjen klart for 14 dagar i Spania med nye vandringar og med nye opplevingar.

Bildet er av holet i den portugiske sisterna, der den speglar seg i vatnet på golvet under. Gjennom dette holet fyllte dei cisterna med vatten, og gjennom det drog dei vatten opp til sitt daglege hushald.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar