søndag 4. mai 2014

Eit kyss i Casablanca


Vi fekk sjå mykje, og høyre mykje, på desse dagane i Marokko, men eit minne ragar over dei alle då det kom så uventa.
Mi kjære og eg sat saman med eit anna par, på ein benk ved eit stort torg i Casablanca. Ute på plassen var der mykje folk som gjekk til og frå sidan det var ein busshaldeplass like ved. Ei ung mor som bar på ein liten baby gjekk forbi fleire gonger, og rundt henne sprang og hoppa ei lita jente. Ein gong kom jenta burt der vi sat, og eg smiler til henne og seier "Hei". Ho stussar litt over ordet som ho nok ikkje forsto, men eg gjentok mitt "hei". Då dansa ho vidare. Noko seinare sit eg med haka i hendene og høyrer på praten ved sida mi. Det nærma seg tida for at bussen vår skulle kome då eg ser henne kome mot meg. Framfor meg stansar ho, tek hovudet mitt i hendene og lyfter det opp. Forundra let eg henne gjer det. Då er det ho bøyer seg fram og gir meg eit kyss på kinnet, Så spring ho avgarde attende til mor si lenger borte på plassen. Overraska og undrande sit eg, ein lett grånande eldre framand, attende, rørt av varmen i kjærteiknet eg fekk frå ei lita mørk jente på eit torg i Casablanca.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar