søndag 5. oktober 2025

Metafysisk ?


Ei av lesetekstene ved gudstenesta i dag var frå Profeten Esekiel kap. 37, der profeten får sjå ein dal full av tørre bein, og han vert beden om å tale profetord  til dei, og då vert  beina atter dekte av av kjøt og hud, og får livsande igjen. Det har gjerne vore tolka som eit teikn på israelsfolket, men kan like gjerne vere eit teikn på alle menneske, av alle folkeslag si framtid.
Sidan mi kjære døydde har eg tumla med døden sitt mysterium. Kva skjer når vi døyr. Ikkje med kroppen, den vert lagt i grav for å gå attende til jord igjen, men kva med anden, - og sjela ?

Forfattaren Jon Fosse,  les eg, var oppteken av ein annan stor forfattar, Tarjei Vesaas. Og eg finn likskapar mellom det dei to skriv, både i poesi og forteljingar. Eg opplever at Vesaas i sine romanar og poesi tendrar inn på det uforklarlige. På metafysiske opplevingar.

I reklamen for Jon Fosse si siste bok - Vaim - stod det at boka innheldt litt mystikk. Eg vil heller sei at den inneheldt litt metafysikk. Eller, opplevingar som er over grensa til det ufattelege, det vi elles oppfattar som det verkelege, reelle livet. 

Som kristne held vi for sant noko som ikkjetruande vil sei er umogeleg. At Jesus  sigra over døden og braut grava sitt mørke, det manglar erfarte bevis , fakta,  sjøl om nokre utvalde fekk erfare den oppstadne. Eg vil ikkje kalle det mystikk, men kanskje var det ei metafysisk oppleving. Ei uforklarlig oppleving av at ein som var død og gravlagd,  likevel, brått,  står der lys levande framfor dei som fekk oppleve det. Og i gudstenesta i dag var det nettopp Jesus si makt til å gjere dette uforklarlige,  å kunne gi livet attende til den døde dottera til synagogeforstandaren som var evangelieteksta.

Eg har ikkje lese alle Jon Fosse sine bøker, men i nokre av dei siste han har skrive, Morgon og kveld, Kvitleik og no i Vaim, skrid Fosse over grensa for det sansbare og verkelege,  og over i det metafysiske landskapet. 

I Vaim er det Elias som opplever at det bankar på døra, uten at der står noko utanfor, før venen Jatgeir står der. Då Elias seinare møter nokre andre menn får han høyre at Jatgeir har drukna lenge før han stod utanfor Elias si dør. 
I Morgon og kveld , og i Kvitleik er det den alt døde si oppleving etter døden Fosse fortel.  
I jødisk tenking forlet ikkje sjela kroppen før etter tre dagar, noko som gjer at Jesus kan vekke døde,  som Lasarus og gjenta i dagens tekst, opp til nytt liv. 

I morgon og kveld opplever den døde Johannes å sjå ned på si eiga gravferd i det den årelause båten fører han bort.
Og eg undrar meg, kva er det for slags opplevingar det er som ligg bak hjå Fosse, sidan desse emna kjem fram i bøkene hans .
Opplevingar der det vonde ikkje er tilstades, berre fred.  Slik mordaren Asle i Trilogien og opplever freden då han vert hengd i Bjørvin for sine tre drap.

Og i teksta frå Esekiel eg las idag, får alle turre bein ein kropp og vert levande igjen. Same kva liv dei eingong levde.
Og spørsmålet som heng att i meg handlar ikkje om orda eg har sagt mange gonger ved ein gravkant, at til jord skal du verta, og av jorda skal du atter stå opp. 
Men kva skjer med oss når vår ande forlet oss og vi døyr , og det som er EG, eller VI, forlet kroppen vår og går attende til Han som eingong gav oss livet.
Er det lov å undrast ?  Svaret får vi vel først når det eingong skjer.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar