mandag 13. oktober 2025

Oktobermorgon

Tidleg oktobermorgon. Morgonen sine nyhende i media er slått av og eg sit i stolen min framfor vindauget. Det vart meldt om at det skulle verte nedbør denne morgonen, men det er i sofall ikkje mykje av det enno. 
I fjellet og ved åsane bortom fjorden ser eg skoddedottar strekkje seg ut denne morgonen. 
Og på bordet utanfør døra er småfuglane i gang med morgonmåltidet. Det er reinska solsikkefrø eg byr dei. 
For meg er det ei stor hygge å ha desse små gjestane gjennom dagane. Tre sortar meiser er dei flittigaste gjestane. Kjøtmeis og blåmeis. Så kjem spettmeisene,  og då må dei andre vike unna ei stund til til dei er forsynte. 
Gråsporven er ikkje åleine når han kjem på vitjing. Dei er gjerne ein  ei heil hærskare på ti  til tjue stykke, og då går solsikkefrøa unna i ei fart. Og når dei er forsynte tek dei turen til fuglebadet mitt borte ved verandarekkverket. Då fyk vatnet som ei sky rundt dei når karet er fullt av fugl som tek morgonbadet.

Skjeldnare gjestar er den varsame raudstrupen. Men dompappen  toler ikkje konkuranse ved matfatet. Kom ikkje her, her er det eg som rår no.

Er vi lik fugleverda vi menneske også?
Nokre trivst best når dei er mange ilag, andre er av det varsame slaget som ikkje trengjer seg på. Andre att er som dompappen. Her er det eg som rår no !
Men fleirtalet er vel som meisene som er vel forlikte med kvarandre.

Ja, mangt kan ein undre seg på her innan for glaset, medan minutta og timane går, ei tidleg, litt grå, morgonstund.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar