lørdag 26. juli 2025

Rødven kyrkje

Møre og Romsdal har 3 stavkyrkjer, av dei har Nordmøre 2 og Romsdal 1.  Og den eine er Rødven stavkyrkje. Der var vore to tidlegare kyrkjer før den som no står på kyrkjestaden ved Rødvenfjorden. Ei frå omlag1100-talet og ei frå omlag1200-talet, som så vart vølt og utvida omlag år 1600. Og i 1907 kom der ei ny kyrkje, og den gamle gjekk ut av bruk for kyrkjelyden.
Og no i slutten av juli fekk eg gleda av å vitje den siste av fylket sine tre stavkyrkjer. Grip og Kvernes hadde eg gleda av å vitje i fjor sommar.
Innvendig er kyrkja prega av at ho har vore ei luthersk kyrkje soknekyrkje sidan reformasjonen vart innført i landet av den danske kongemakta på byrjinga av 1600-talet. Der er lite att av hundreåra som katolsk kyrkje, men svært interesant å kome inn i den og oppleve korleis det var i dei gamle kyrkjene.  Små, mørke og lavt under taket. Og kjenne på det omskiftet det måtte vere for kyrkjelydane å få kome inn i dei nye,  lyse og høgreiste kyrkjene som kom utover bygdene på 1800-talet.

torsdag 17. juli 2025

Vandring i Valdres

Det er år sidan no at eg såg det lyst ut at det skulle opnast ein pilegrimsveg gjennom Valdres. Frå Hedalen stavkyrkje og vestover til Filefjell og St. Thomaskyrkja på Kyrkjestølen.
Denne første vandringa gjennom  Valdres fekk eg vere med på, og det vart ei stor oppleving. Ikkje berre naturen sette sine varige minne i meg, men og det vekelange fellesskapet med mine medvandrarar ser eg attende på med glede. 
Desse dagane møtte eg og for første gong orda i det vesle verset i den keltiske velsigningsongen. 
Kvar kveld stod vi ein ring og heldt kvarandre i hendene og song det vesle verset. Og sidan har det ofte tona i meg, slik eg lærde det den gongen i dei varme sommarkveldane under vandringa i Valdres.

Må din vei komme deg i møte
vinden alltid vere bak din rygg
solens lys leke på ditt kinn, 
regnet falle vennlig mot din jord,
og må Guds gode hånd verne om deg
til vi møtes igjen. 


søndag 13. juli 2025

Kyrios

Ein varm og solrik dag går mot kveld, og sin ende. Og for meg byrja den med, etter frukost, å gå dei 3000 stega heimanfrå og til kyrkja og kyrkjegarden. Blomane på mine to gravstader treng vatn no desse varme dagane. Etterpå fann eg roa inne i kyrkja. Eg er kanskje vorten litt katolsk etter år med vandringar i katolske Frankrike og Spania. Eg har fått ei vane med å tende lys i lysgloben, og teikne meg med krossteiknet i gudstenstene. Eg tykkjer det er med på å førebu meg på det som skal kome i den neste timen, og på veka som står føre. Og i dag fekk vi vere med på to dåp, ein liten gut og ei ung jente på 12 år.
Og som vanleg heldt prest Arne ei god preike, Denne søndagen var det vanskelege ordet "synd" temaet. Kjekt var det og å sjå at mange deltok ved nattverden.
Eit ord som har vore i tankane mine siste veka er det greske ordet Kyrios, som tyder Herre. Den kanskje første trusvedkjenninga frå dei Jesustruande i ein gudsteneste samanhang  er dette ordet Kyrios,  Jesus er Herre.
Noko som var omveltande, for den som hadde rett på den tittelen var keisaren, det var han som var Kyrios. Ikkje ein krossfesta hebrear. 
Så det var ein revolusjon av dei truande å setje den tittelen på den krossfeste og oppstadne Jesus Kristus
Rett nok hadde Peter på eit spørsmål frå Jesus om kven dei meinte han var, svara at han var Messias, Guds son.  Men Messias er ein jødisk tittel som tyder den salva, og på gresk er det ordet omsett til Kristus.
Attende til Kyrios. Før vår tidsrekning var det 70 menn i Aleksandria som dreiv og omsette dei  hebraiske skriftene til gresk. Den omsettinga har vorte kalla Septuaginta. Då møtte dei og Guds heilage namn, Eg er den eg er, det unemnande namnet som på hebraisk berre vert skrive med eit tetragram på 4 bokstavar, YHVH.
Korleis valde dei å omsette dette tetragrammet for Guds namn til gresk, jau ved nytte ordet Kyrios, Herre.
Eg tykkjer det er spanande når Paulus i Kollossarbrevet skriv at Kristus er den Herre,  (kyrios) de skal tena.
Kristus er Herre, er ei spanande trusvedkjenning for Jesustruande, også i vår tid. For kva har det å seie for meg, og for oss truande at Jesus er Kyrios, er Herre.?

fredag 11. juli 2025

Lys over lys

Biskopane som var samla i Nikea for 1700 år sidan, vart etter påtrykk frå keisaren, samde om ei felles trusvedkjenning for den kristne kyrkja. Noko som nok ikkje var så heilt enkelt, så mange sterke meiningar det var på kven Jesus Kristus var. Var han berre Gud, eller var han berre eit menneske som vi. Eller noko midt i mellom. Dei vart til slutt samde om ein ordlyd som alle dei ulike kyrkjene i sør, aust og vest kunne einast om.
Og som eg tykkjer har nokre ord med spenst i.
Her fylgjer det dei vart samde om når det gjeld Jesus Kristus.

Vi trur på ein Herre, Jesus Kristus, Guds einborne Son, fødd av Faderen før alle tider, Gud av Gud, lys av lys, sann Gud av sann Gud, fødd, ikkje skapt, av same vesen som Faderen. Ved han er alt skapt. For oss menneske og til vår frelse steig han ned frå himmelen, og ved Den heilage ande og av Maria møy vart han menneske av kjøt og blod. Han vart krossfest for oss under Pontius Pilatus, leid og vart gravlagd, stod opp tredje dagen etter Skriftene og for opp til himmelen, sit ved høgre handa åt Faderen, skal koma att i herlegdom og døma levande og døde, og hans rike skal vera utan ende.


torsdag 10. juli 2025

Trusvedkjenning

Det er 1700 år sidan den Nikenske trusvedkjenninga vart vedteken av kyrkjemøtet i byen som då bar namnet Nikea. Noko sør for byen som då heitte Konstantinopel. Det var keisar Konstantin den store som kalla inn til kyrkjemøtet, då han kravde at dei frammøtte biskopane skulle verte samde om den kristne trua sitt grunnlag. Noko som ikkje var så lett korkje då, eller i dag. Kven var Jesus? Svaret på  det spørsmålet sprikjer nok også i vår tid, desverre. Ein Gud som er tre i ein og ein i tre er ikkje altid så lett  å fatte for tanken.
Ivar Aasen sine ord om at ei tru stydje oppunder, har nok mykje for seg.
Ei av dei første trusvedkjenningane finn vi i dei tre første versa i Hebrearbrevet, slik 2024  omsettinga gir dei att.

Mange gonger og på mange måtar har Gud i tidlegare tider tala til fedrane gjennom profetane. Men no i desse siste dagar, har han tala til oss gjennom Sonen. Han har Gud sett til arving over alle ting, for ved han skapte han verda. Han er utstrålinga av Guds herlegdom og biletet av hans vesen, og han ber alt med sitt mektige ord. Då han hadde fullført reinsinga for syndene våre, sette han seg ved høgre handa åt Majesteten i det høge. Slik vart han mykje større enn englane, for det namnet han har fått i arv, er så mykje større enn deira.



søndag 6. juli 2025

Skodda sig på

Det har ikkje vore så alt for mange solfyllte og solvarme dagar her vest ved storhavet denne sommaren, men i dag fekk vi ein. Det var litt kjøleg med skodde ned i fjella då eg byrja på vandringa mi til kyrkja i dag tidleg, men skodda rivna opp medan eg gjekk, og då kjende eg at eg kunne kledt meg litt lettare.
Det tok eg lærdom av, så vel heime att letta eg på habitten for resten av dagen. 
Men ingenting er å rekne med på mine kantar, heller ikkje været. Så no seinkvelden såg eg at havskodda var på veg inn Voldsfjorden. Det var berre litt av toppen på medet mitt, Sandhornet, eg såg over skoddehavet.  Og ikkje lang tid etterpå var det også borte, gøymt i grå skodde.
Då er det berre å vone at sola klarar å rive opp skodda i morgon førmiddag, så vi får endå ein varm og solrik dag her innfor Stadt.

torsdag 3. juli 2025

Sommarnatt

Det mørkner over heien og natten stunder til.
Slik byrjar eit dikt av Arnulf Øverland.
Eg vart sitjande oppe lenger enn eg brukar denne julikvelden, og no sig natta på. På andre sida fjorden ser eg at gatelysa i heimane der vert tende. Og oppe på sørhimmelen lyser ein halv måne sterkare no enn då eg sette meg framfor vindauget for eit par timar sidan. Då kasta framleis sola sine strålar over åsen og fjellet sør om fjorden.

Du skal ikkje sova bort sumarnatta, ho er for god til det ... syng Aslaug Låstad Lygre. Eg trur ikkje eg kjem til å fylgje hennar oppmoding, det er nok snart tid for å krype under dyna for meg i denne sommarnatta.
Men i denne fine kvelden tok tankane sine eigne vegar, heilt til klokka no fortel meg at eg har passert midnatt, og har byrja på eit nytt døgn. Døgnet då min eldste bror skulle fyllt 89 år. Diverre så gjekk han bort for 3 år sidan.