Historie, eller som det heitte i barneskulen, Soge, har alltid vore i mi interesse å lære noko om. Soga til det jødiske folket gjennom århundra har kanskje ikkje vore av det mest høgaktuelle gjennom århundra, slik det vart det ved den andre verdskrigen si jødeutrydding, og no ved Palestinakonflikt og Gazakrigen. Men soga fortel om stendige progromar, trakasering og forfylging av den jødiske befolkninga i Europa, heilt sidan romarane kasta dei ut av sitt heimland etter deira opprør i det første århundre. Og når Europa vart kristna, så var påska ei serleg utsett tid.. Då skulle Kristusmordarane takast. Ikkje noko rart at der ligg ei djupt og vondt traume hjå det jødiske folket.
Eg var så heldig at eg fekk nokre turar til Israel på 90-talet. Det var ei oppleving, både av notida sitt Israel, og av det Jødeland der Jesus eingong vandra rundt. Å gå i bibelsogelandet frå søndagskulen og bibelsoga på skulen vart ei sterk oppleving. Det gav meg sterke intrykk, både av dei positive og av mindre positive.
Mellom dei var der nokre som vart uventa sterke kjenslemessig for meg, om dei ikkje var så mange. Mine turar i Israel og mine møte med både palestinar og jødar gjorde noko med meg, forma meg og mitt tilhøve tll den lange soga landet har, men og til den djupt tragiske konflikta som no rasar der.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar