(Diverre nektar bloggen meg å få bileta lagt ut på høgkant. Kvifor det plutseleg ikkje er råd har eg ikkje funne ut av )
I mi heimekyrkje er der eit loft over kyrkja sitt kor, og for å kome inn der er der ei lita dør langt oppe på veggen mot det loftet.
Etter den siste oppussinga av kyrkja, då ho fekk sine noverande fargar, vart ikkje den døra stengt godt nok, så når det bles godt nok ute, opna og stengde denne døra seg utan menneskehjelp.
Under ei konfirmantsamling hadde dei merka seg dette, og der kom spørsmål kvifor ho stundom var open eller stengd.
Ein av konfirmantane kom med si forståing av fenomenet.
Jau ho er open for at sjela til dei det vert helde gravferd for skal ha ein veg ut av kyrkja.
Eg må tilstå at etter det reiste ein stige og klatra opp og stenge døra forsvarleg.
Men, er det noko i konfirmanten sine tankar ?
I jødisk tradisjon forlet ikkje sjela den avdøde sin kropp før etter tre til fire dagar. Jamfør Jesus si oppvekking av Lasarus.
Er det dette Jon Fosse i sine tankar er inne på når han endar "Morgon og kveld" med det Johannes opplever, medan kroppen hans ligg død og kald i senga heime i kammerset sitt.?
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar