lørdag 27. april 2024

Dei gamle fjell

Vårsola varmar her eg sit ved leveggen som stenger ute trekken frå vest. 
Framfor meg har eg utsynet til fjord og fjell på andre sida av fjorden.
Dei gamle fjell i syningom er alltid eins å sjå. Med same gamle bryningom, og same topp ompå, song Åsa-Ivar. 
Ja, denne fjellrada har vore mitt faste fylgje frå eg var ein liten gut. Eg har sett den skifte let, alt etter årstida. Frå snøkvite vinterfjell, til våren og sommaren si grøne drakt. Før hausten fargar dei med sine gulbrune blad. Og så varslar vinter si kome igjen med kvitt snødryss over toppane.
I bygdom byggjer sveinane, og husa stend der laust. held Ivar fram.
Ja grendene under fjella har endra seg mykje i mi levetid. I min barndom var det gardstuna og nokre einstaka hus langs bygdevegen eg såg, elles var det gardane sine bøar ned mot fjorden som fortalde at her  var det mange småbruk som gav arbeid og leveveg til mange familier.
I dag ser det annleis ut. Småbruka har vorte ferre. Bøane har mange stadar vorte nedbygde av store husklynger, og småbrukaren har skifta jobb til fabrikk eller handelsnæring.
Men heldt Åsa-Ivar fram : men dei gamle merkesteinane, dei standa like traust.






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar