I dei to siste åra har eg fått røynt det. Vel, med mi kjære Bodil fekk eg førebu meg, om det er råd, på at ho sovna inn frå meg og mine. Men med dei 4 andre? Med mi kjære og hennar bror var det venta, men med dei tre andre har det vore brått og uventa.
Om nokre dagar er eg Sogn for å fylgje ein tidlegare svigerson til hans siste kvilestad. Hans bortgang kom brått og uventa, og alt for, alt for tidleg.
Og så, i dag fekk eg igjen ei melding om at endå ei i familien hadde brått og uventa sovna inn.
På Trongarden på Nesje var dei tre syskjen som vaks opp tidleg i førre århundre. Og desse tre fekk fem born som kom til å stå kvarandre nær. Tre gjenter og to gutar. No er det berre ei att av dei. Ho som var den eldst av dei, og som var einebarn. Så i neste veke skal eg fylgje henne som vaks saman med ein yngre bror til henner siste kvilestad. Han gjekk bort for nokre år sidan.
Nei kva veit vi om morgondagen?