Så då tinga eg boka med hans lyrikk, og forvitneleg opna eg den og las,- og eg streva litt med å skjøne kva han ville sei med alle orda i nokre av dikta. For det som stod der var langt unna den salmen eg hadde lese.
Det var regn og englar og hundar oppatt og oppatt. Eg fekk ikkje tak i kva som var det indre i orda hans. Men det kjem nok med tida.
Om eg les dei mange nok gonger til orda får byrje leve i meg.
Først etter salmen, langt ute mot slutten av boka, kom vers som sa meg noko. Og eg undrast; hadde det hendt noko med han då som hadde endra måten hans å tenke, ja skrive på ? Slik eg opplevdedet i dei sju bøkene i Septologien.
I dag fekk eg juleheftet " I de dager " frå NMS og Bibelselskapet for 2023.
Året sitt tema var Josef , han som står i skuggen i julevangeliet. Og der var det eit dikt av Jon Fosse, " Aldrande mann i tankar"
Kanskje er det fordi eg sjølv har vorte ein aldrande mann etter kvart at eg kjende meg att i ettertanken i orda Dei tok tak i meg. Slik eg ofte dei siste åra har lete livet mitt gå i revy med alle ord og gjerningar eg no angrar på, og det motsette, alt eg trur eg har klart å gle mi kjære , og mine born med , - og kanskje andre og.
Men kva summen av mitt liv er når mi livsbok ein gong vert opna, sjå det er meg ukjent.
Så då får eg vel slutte meg til nokre av Jon Fosse sine ord i diktet : Aldrande mann i tankar.
Så om du finnest
tilgjev meg Gud
og lat meg kverva i ditt rike
og lat din vilje skje
for kanskje har du rom
og til slike
til dei som har svikta og svike
Og vil du gje meg evig fred
Får eg kvila i lyset frå ditt åsyn
eller vert det berre mørker
igjen og igjen, på ny og på ny
der nede i molda den svarte
Eller lyftest eg opp til di lysane sky
Dette var berre nokre linjer midt i Jon Fosse sitt diktet : Aldrande mann i tankar. Det gav meg nokre refleksjonar over mitt liv, aldrande mann som eg er.