søndag 15. januar 2023

Kjøtkaker i dag.

Søndagane mine er ikkje så ulik mine andre dagar i vekene, dei har si rutine, lik dagane mine då vi var to.  Men to dagar i veka har endra seg. To dagar er eg avgarde og kjøper meg varmmat. Torsdag er det potetball, og så kjem søndagen med gudsteneste først, og etterpå står søndagsmiddagen for tur.  Desse to dagane køyrer eg  ei mil utover langs fjorden til Rjåneset så eg får utsynet over Liadalsnipa og fjorden medan eg kan nyte mitt måltid. 

Eg angrar nok litt på at vi ikkje fekk den tradisjonen medan mi kjære Bodil enno levde, så ho kunne sleppe fri frå matlaginga dei to vekedagane medan ho enno var her. Men  det er inga hjelp i å angre, gjort er gjort.
Men utanom måltidet så er det og sosialt å nyte maten, ikkje åleine som eg vanlegvis gjer men saman med andre. Og kanskje møter ein nokon ein kan veksle nokre ord med. Desverre er det ikkje alltid godt nytt ein får høyre, som det ein fortalde i dag. Krefta hadde byrja å herje i kroppen hans. Det var leit å høyre sjølv om han hadde eit langt liv bak seg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar