søndag 10. august 2014

Det kveldar


Det går mot kveld i fjordbygda. I går kveld hekk skyene tunge over fjella i aust, og vermeldarane snakka om ein komande hausstorm. Og han kom, men her ved fjorden nord for Stadt merka vi ikkje mykje til den. Det regna litt i løpet av natta og morgonen, og austanvinden skapte noko uro utover natta, men det var til å leve med. Då var det nok meir leven lenger sør på kysten. Der snakka dei om at lokale vindrekordar kom i løpet av nattetimane. Men denne kvelden er himmelen annleis. Høg, klår og blå, og fjorden ligg der still. Og den varsla hauststorm nr.2 skal visst ikkje nå Stadt han heller, men herje ifrå seg lenger sør. Men, været er berre ein biting i desse siste månadane. Der skal vere krig og rykte om krig, seier den store boka, og bror skal reise seg mot bror og far mot son. Og har vi høyrt om anna siste året? Syria, Afganistan, Sør-Sudan, Den Sentral-afrikanske republik, Nigeria, Somalia - og no sist Ukraina, Gaza og Irak. Ikkje alle landa er like aktuelle for media, men sogene vi høyrer og les ifrå dei er ikkje eigna til å gjer ein lett og glad til sins med all den liding dei vitnar om. Eg undrar meg på kva det er som får menneske til å vere så vonde mot kvarandre?  Kva det er er som gjer at der er så lite toleranse til stades overfor menneske som har ei anna tru, eller høyrer til ei anna stamme?  Diverre er det ikkje noko nytt i vår vesle klode si soge, men det er det lite hjelp i. Det burde tvert om ha lært oss at der er betre vegar til sameksistens enn det vi har vore vitne til siste året. Vi kunne sanneleg trenge ein høg, klår og blå himmel over vår vesle verd, ein himmel som varsla at ein ny dag utan vald og krig, men med fredeleg sameksistens, skal renne for alle nasjonar og stammer.
 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar