torsdag 14. august 2014

49 år

Gradestokken synte heitt i dag, og eg tykte at den var sann i det, så eg kom til at ein tur i fjøra for å sjekke sjøtempen kunne vere på sin plass. Eg vil vere med, sa mi kjære, og så vart det både temp sjekk og ein liten symjetur. Men i i aust truga det med regn, så turen i fjøra vart ikkje av det lange slaget. Då var det noko anna for 49 år sidan. Då ville gradestokken synt kokheitt, om ikkje brennheitt. Det var ein av dei få solvarme summardagane det året, men det vart ikkje noko sjøbad den dagen. Årsaka var at mi kjære og eg feira brullaup på farsgarden hennar, og då var me opptekne med andre ting enn å tenkje på sjøbad. Eg veit ikkje om eg kan sei at været i dag var symptomatiske for åra som har gått, for i dag rulla tora mellom fjella i aust, og himmelen vart mørk og tung av regn. Men hit til vår heim ved fjorden kom det ikkje. Her skein sola mest heile tida. Slik har dei 49 åra vore, seier mi kjære, og godt er det om dei orda er sanne, men eg har ein liten mistanke om at då ser ho bort frå både litt regn og torebrak. Men heldigvis er det lett å gløyme slike ting til fordel for solskinnsdagane, og dei har vi hatt mange av, vi to. Og takk for det mi kjære.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar