tirsdag 7. januar 2014

Skjer under?

Dei fire evangelistane fortel om mange underfulle gjerningar som Jesus gjorde dei tre åra han var verksam i Judea og Gallilea.  Det er ein del av mi tru at slike under kan skje også i vår tid. Den Heilage Ande er framleis verksam mellom oss, og kan bønhøyre, og lækje. Likevel høyrer eg med til dei som ikkje automatisk godtek alle fortellingane vi høyrer og les om, når det vert fortalt om at menneske vert lækte på ein underfull måte. Eg vil gjerne sjå at det vert bekrefta av utanforståande fagfolk. At ikkje fortellinga er ei laga soge for å fortelje om at Jesus si lækjande kraft er verksam og i vår tid.  Eg må derfor kalle meg ein truande tvilar på dette området.
Men på nettet, i Israel Today, les eg ei fortelling der namnet på kvinna som vart hjelp, lækjaren på hospitalet der ho var pasient, og namnet på hospitalet, er nemnt. Og i fortellinga er det det lækjaren og sykehuspersonalet som kjelda. Ikkje den kristne, palestinsk-israelske kvinna.
Soga er fylgjande.

Ei kvinne kom i rullestol til det nemnde hospitalet med ein vondarta kreftsvult i eine foten. Ein svulst stor som ein appelsin. Undersøkinga på sykehuset fann at skulle livet reddast, måtte foten amputerast.  Legane sende og den informasjone dei sat på til eit hospital i USA for å få deira vurdering av situasjonen, og derifrå vart konklusjonen stadfesta. Foten måtte amputerast. Kvinna vart innkalla til operasjon, men den måtte utsetjast grunna tekniske vanskar. Ny innkalling vart gjort, men den og måtte utsetjast av årsaker på sjukehuset. Tredje gongen var det kvinna sjølv som bad om utsetting då mor hennar hadde vorte alvorleg sjuk.
Så vart ho innkalla for fjerde gong, og ho kom, til sykehuspersonalet og lækjaren si store overrasking, gåande på eigne bein, utan hjelp av rullestol. Kva hadde hendt? Svulsten var borte. Vidare undersøkinga viste at der ikkje var spor å sjå etter den.  For å undersøke moglege årsaker til underet, drog dei jamvel til heimstaden hennar for å sjå om dei kunne ei årsak til lækjedomen i maten eller vatnet ho tok inn. Men nei, ingen ting å finne. Underet var der. Kvinna var frisk.

Skjer under også i dag? Tvilaren i meg som har hatt vanskar med sokalla udokumenterte påstandar, må her bøye seg for eit  - truleg - godt "dokumentert" tilfelle av under, utløyst av bøn. Og stemme i med lovprisingane som fylgjer komentarfeltet etter stykket i Israel Today. Under skjer og i dag.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar