onsdag 1. januar 2014

Dagar etterpå (3)

Så er den åttande dagen komen. Dei  lysblenkande rakettene har enda si ferd mot den mørke natthimmelen med bulder og brak også her ved fjordbukta i Sogn. Det er her mi kjære og eg har feira overgangen til det nye året. I går hang skyene langt ned i fjella, men i dag har dei lyfta seg opp, og temperaturen har auka med eit par grader. Men også her er det grøne marker.                           Andre halvdelen av veggfrisa frå klosterkyrkja i Moissac syner kva som hende den dagen barnet , Maria sin son, var åtte dagar gamal. Og det vert den siste hendinga eg skriv om i Dagane etterpå. For kva meir som hende Maria, barnet og Josef, fortel ikkje skriftene, i alle fall dei vi har i Bibelen, noko om.
Matteus fortel kort om at dei vende attende frå Egypt og busette seg i Nasaret. Så får vi ei Jerusalemvitjing då han er tolv år. Og så er det stillt att til dukkar fram igjen, omlag 30 år gamal, og vert døypt i Jordanelva av Johannes. Døypt og vigsla til si Messiasgjerning.

Den åttande dagen i ein førstefødd gut sitt liv skulle han berast fram for å helgast for Herren. Samstundes utførde og prestane omskjeringa av han, den som innlemma han i Israel, Guds eigedomsfolk.. Og Maria skulle bere fram eit reinsingsoffer etter fødselen. Slik Moselova sa det. For Maria skjedde det med at dei ofra ei duve på alteret i tempelet. Truleg fekk han og namnet sitt den dagen.

Nokre forskarar meiner at Jesus vart ikkje fødd i Betlehem i Judea, men i ein liten nyoppdaga landsby i Gallilea, ikkje så langt frå Nasaret. Skal vi tru at det var i tempelet Maria og Josef bar fram offeret, så kan ikkje det forskarane hevdar vere tilfelle, for eg trur ikkje dei hadde teke ut på ei så lang ferd som frå Nasaret og til Jerusalem med eit lite barn som enno ikkje var veka gamal. Det var risikabelt nok den ferda dei gjorde med ei høggravid, ung, Maria.

Men der i tempelet er der to som møter dei, ei gamal enkje på over 80 år, Anna, og Simeon, også truleg ein eldre mann. Då tek Simeon guten i hendene og prisar Gud fordi han no har fått sett Israels frelse, slik han hadde bedt Gud om. Då kom også Anna fram og lova Gud, og fortalde om barnet til alle som venta på Guds frelse.
Og i dag er det den åttande dagen. Den som  kyrkja har kalla Jesus sin namnedag. Då byrjar vi på eit nytt år med nye dagar og månader framanfor, og vi må hugse på at heretter skriv vi 2014. Det kan vere vanskeleg nok i starten, men vanen kjem nok fort.
Så då ynskjer eg mine vitjarar eit God nytt år.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar