lørdag 17. oktober 2009

Morgon i oktober

Morgonen vaknar
lik fyste daggry.
Lovsong frå fuglar
fyller mitt sinn.
Takk Gud for tonen
frå folk kring jorda
og takk for songen,
gåva frå Deg.

Graset oss ventar,
doggvått i solgry.
Dråpane speglar
Hans underverk.
Takk Gud for fjellet,
skogen og stranda
som let oss kjenne
gleda frå Deg.

Sjå jorda blømer
bada i ljoset!
Kjenn at du lever,
dagen er din!
Takk Gud for vatnet,
molda og sola
som gjev oss livet,
gjenskapt av Deg.



Det er morgon og avisene ventar på henting.
På veg ut døra ser eg at lovnaden frå i går om anna vær, er i ferd med å bryte inn.
Morgonens høgdepunt,avisene får vente.
I staden vert det ein tur ned bakkane til fjøra.
Det er morgonstilt. Ingen travle bilar uroar freden. Berre ein hane i nabolaget forkynner at no er det morgon.
Dagen ventar.

Framme i dalen ligg skodda mellom dalsiden, medan fjella teiknar sin taggete profil mot den lyse himmelen. Snart vil sola snart kome opp over Eitrefjellet og sende sine strålar over doggvåt gras og gulna lauv.

Då dukkar han opp i meg songen av Cat Stevens: Morning has broken.
Ei omsetting av den til norsk språkdrakt, vart mi innleiing til dette biletet av ein oktobermorgon ved fjorden.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar