lørdag 24. oktober 2009

Efter det är ingenting riktigt sig likt .

Det er laurdag. Ute er sola i ferd med å bryte gjennom det grå. Eg skulle nok ha kledd meg godt og teke ein tur ut, men etter ei runde i sentrumsgatene tidlegare i dag, kjenner eg at det er sårt i bringa når eg pustar. Derfor sit eg her åleine innfor stoveglaset, og let sola sine strålar varme meg innandørs. Mi kjære er på noko ho likar, men som eg ikkje er like glad i; marknad. Denne gongen med skulekorpset som tilskipar.

Men kva skal ein fordrive tida med?
Det vert som så ofte før å slå på datamaskina.
Den kan nyttast til mykje. Både godt og gale.
Også til å misbruke tid.

Nettavisene vart eg fort ferdig med.
Det vart berre ein artikkel i svenske Dagen som fanga interessa.
Eit stykke om den svenske marxisten, redaktøren og samfunnsdebattanten Göran Greider som møtte Kristus på kjøkenet sitt i 2001.
Det er nok ikkje så mange som kan fortelje om eit slikt møte.
Kva gjorde det med den aktive motstandararen av tru å møte Kristus på sitt eige kjøkengolv?

"Han tror inte på Gud, inte på kyrkan och absolut inte på själens återuppståndelse.
Och ändå ....
Tills du en dag såg Jesus här i din egen lägenhet ...?
- Jo, så var det nog ... Där ändrades en hel del ... Efter det är ingenting riktigt sig likt ...
.....
Och ändå ...
Han kallar sig inte ateist. Inte ens agnostiker. Men inte heller kristen, eftersom det knappast anstår en av Karl Marx gamla lärjungar.
- Snarare skulle jag vilja införa en fjärde grupp, som består av oss som först sent i livet tvingades konfronteras med religiösa ting.
...
Vad kom denna ”uppenbarelse” att betyda?
- Inte så att jag blev en bättre människa, tyvärr. Men det påverkade mitt inre. Jag fann en dörr i muren. Började läsa jättemycket teologi."
...
Dessutom är det ju ett faktum att humaniströrelsen alltid legat hästlängder efter teologin, historiskt och kunskapsmässigt."

Så langt nokre små utdrag frå samtala med Greider, og når marxisten vågar litt teologi, så kan kanskje eg skal våge meg på nokre tankar.

Eg held framleis på med Miroslav Volf si bok: Free of charge. (Fri frå skuld)
Det vert berre nokre få sider i gongen, men no er eg komen til det han skriv om å tilgi på bakgrunn av korleis Gud tilgir. (eller helst; har tilgitt)

"Efter det är ingenting riktigt sig likt ...", sa Greider, og det er nok ei sanning som vi har vanskeleg for å forstå rekkevidda av.
For skal vi tru Bibelens ord heilt ut så er der inga synd, stor eller lita. Ingen syndar, stor eller liten, som fell utanfor Jesus si soningsdød.
Ingen. Alle er der. Jamvel Hitler og Stalin og alle andre despotar og kjeltringar som har plaga menneskeætta gjennom tusenåra.
Og der har, til alle tider, vore dei som hevdar at der er inga fortaping.
Fordi Bibelen seier at Jesus ved sin soningsdød, sona all synd. Frå æve og til æve.

Eg kjenner det er vanskeleg å godta denne tanken heilt ut.
Kan eg sjå forbi alle orda både av Jesus og andre med sterke oppfordringar om å vende om. Gjere opp og byrje på ein ny veg. Ta ei ny retning på livet.




Treng vi nåden då, når synda likevel er sona?
Kan ikkje vi slutte med å kalle menneske til å vende om?
Spørsmålet er ikkje nytt. Det er så gamalt at Paulus sjølv tok det opp i romarbrevet, der han stiller det retoriske spørsmålet til sine lesarar, etter å ha utfolda nåden for dei.
"Kva skal vi då seia? Skal vi halde fram i synda, så nåden kan verte så mykje større?"
Og han svarar: "Langt ifrå!"

Kva no? Forstår eg dette?
"Vi kan prise oss lukkelege i Gud," skriv Paulus, "ved vår Herre Jesus Kristus, han som har gitt oss forsoninga." -- Den som er for alle.
Og likevel.

I morgon er det søndagen for bot og bøn.
Kvar kjem angeren og bota inn i biletet?
I kvar gudsteneste startar vi med å sanne våre brot mot nesten og Gud.
Er det ei unødvendig handling?
..??
Her er noko som tanken min stoggar for. Noko eg ikkje fattar.

Kanskje eg treng å møte Jesus på mitt eige kjøkengolv, eg og?
Og erfare at: Efter det är ingenting riktigt sig likt ...
At bitane fell på plass og det opnar seg ei dør i muren...

Tida har gått. Sola er igjen borte bak skyene, og kaffikoppen er tom.
Og inn kjøkendøra kom mi kjære heim frå marknaden.
Eg får prøve å finne eit bilete å setje inn mellom orda.
Eg trur eg prøver Salvador Dali sitt bilde av han som sona alt.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar