fredag 14. november 2025

Snø

Me har hatt eit mildt vær so langt denne hausten med rundt 10 grader pluss og lite nedbør, men no snudde det. Denne morgon vakna eg til kvit nedbør, og trea står med snøtunge greiner. Og på småfuglane sitt matfat er det travell aktivitet.

Mi kjære var oppteken av å tolke kva vær ein kunne vente i tida som låg framanfor, og då ut i frå kva tid på døgnet nymånen og fullmånen tende. Det var almenakka som fortalde henne det. Og svært ofte fekk ho rett i sine tolkingar. Eg har og prøvt meg på slike spådomskunst, men eg er nok ikkje fullvandra der.  Eg har prøvt å vere litt værprofet eit par månader framover, og det går ikkje etter mine ynskje. For slik eg tolkar månefasane så går alle teikna fram til februar frå det nordaustlege til  nordvestlige, og det vil etter mi meining sei vintervær med kulde og snø. Kor mykje, det seier månefasane ingenting om.

Ein må nok uansett kor flink ein er i tolke det almenakka fortel, ta imot det været som kjem, og vere nøgd med det. Sjølv om eg nok helst hadde greit meg utan det kvite som dalar ned no.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar