1.søndag i Advent, første dag i eit nytt kyrkjeår. På radioen sin kanal for klassisk musikk er tida komen for å spele julemusikk utan ende. Og denne dagen har marka lege under ei tunn og frosen snøhinne.
Tida nærmar seg solsnu, dei lyse timane av dagen vert kortare for kvar dag no, men om ein månad fram så er vi forbi solsnu, og daglenda har igjen byrja å auke på.
Time for time fram mot ein ny vår og sommar.
Denne ettermiddagen lyste sørhimmelen fargerik opp frå ei dalane sol lenger vest, der strålane frå henne ikkje var gøymt bak grå skyer, men klår.
Ei fager avskilshelsing til oss her i ein kald vinterettermiddag.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar