lørdag 1. november 2025

Haust

Det er haust ute. Vi har byrja på den siste haustmånaden, november. Eit par frostnetter siste tida har sett sine merker på dei siste blomane dette året.
Fjella har alt hatt kvite toppar  i to omgangar, men i dag vakna eg til 13 grader pluss ute, og søraust vind. 
Sola har teke lange steg innover Hovdeåsen dei siste vekene, men endå har ho ikkje gøymt seg bak Melshornet om føremiddagen.  
Enn så lenge . 
Om vel ein månad frå no så gøymer ho seg bak medet mitt, Snøhornet sør i Dalsfjorden, og då kikar ho ikkje over fjellbrynet igjen før eg kan skrive år 2026.
Ja, tida går, eller kanskje flyg ho ? Gjekk tida seinare då ein var barn, tru?  No kjennest det stundom ut som veka er over før eg rett har fått byrje på den. Endå eg som pensjonist skulle ha rikeleg tid til det meste. Og har det nok og. Det er nok godstolen som er for lett å finne.
Eg er nok ikkje åleine om den kjensla, for det står i fedrelandssalmen: tida ho renn som elv mot os, fort skifter sommar med vinter.
I morgon er det Helgemessesøndag, eller Allehelgenssøndag i kyrkjene. Dagen for å minnast dei som  ikkje er her mellom oss lenger.  Det har alt brunne mange lys i natta ved mange graver på kyrkjegardane.  Og mange har stått der i stille ettertanke, og sakn etter dei som eingang vart senka ned i molda.
Etter mi kjære for år sidan no, og fekk si grav har eg ofte hatt min gang dit ho ein februardag vart stedt til kvile, og med det vakna undringa mi over døden si gåte. 
Kva skjer når vi døyr ? Kroppen får sin kvilestad, men kva med ånda, anden, og kva med sjela ? Kvar går dei ? Vert dei og verande i grava ? Eller ?
Eller er dei litt for enkle orda eg har sagt ved dei tre spadene med jord som eg har strødt på kista, når eg har hatt gravferder.
Av jord er du komen, til jord skal du verte, av jorda skal du atter stå opp. 
Vel er det naturen sin syklus, når hausten og vinter kjem, visnar blad og blomar, men når våren kjem, vaknar dei opp igjen til nytt liv.
Mi undring er om det og er vår syklus,?
Eg har lese Jon Fosse sine tankar omkring det, og no ser eg at ein annan forfattar og er inne på emnet. Kanskje eg må finne
Knausgaard si siste bok og lese hans tankar om døden og kva som er på den andre av grava.
Hans Børli har forma nokre ord om dette. Vi er ikkje åleine inn  i det store og ukjende. , Der er ein, noko, bak død  og grav.

DØRER INNOVER I EVIGHETEN

Hun lå der og var Død
Død var hun.
DØD.

Dette stutte, difintive ordet
fylte hele verden den natta.
Det lyste av ansiktet hennes der hun lå
mellom sterilt hvite laken,
sjukehusets blå stempel på putevaret
tett innåt det ene kinnet.
Jeg satte meg ned på hælene,
satt lenge og så.
Det lyste av ansiktet hennes, et lys
fra før den første morgen og 
etter den siste kvelden. Jeg hørte
en stum sang
åpne dører innover i evigheten.

Det var den natta
min angst for døden
døde.