fredag 24. oktober 2025

Muddling through ?

Eg hadde eit barnebarn på besøk og samtalen for så vide, som den gjerne gjer når ein skjeldan møtest.
Den kom og inn på det dagsaktuelle med born og ungdom som slit med livet sitt, og derfor hamnar på sidelinjene i livet. Årsakene kan vere mobbing gjennom mange år, vanskar i heimen med foreldre som ikkje ser dei, og som difor gjer dei til lette offer for feil miljø. Slik vi har sett det i media i mange saker i dei siste åra.d
I mi tid på skulebenken lærde eg eit engelsk uttrykk som lyder slik ; muddling through", som på vårt mål tyder noko ala "å rote seg. 
Mitt intrykk av mange born og unge sitt liv er  ein" muddling through " kamp. Og hjelpa dei treng er ikke  alltid lett å finne. Då kan det lett  for mange verte ein einsam kamp å kome seg gjennom livet.
For mange kan det verte mykje mørke skyer i livet. Lite av blå himmel og varm sol. Desverre.

Det var vel eit resultat av samtalen at det i natta etterpå dukka opp i meg første strofa av refrenget i ein svensk song.
" någon stans  bland alla skuggorna Jesus."
Når morgonen kom dukka natta si strofe opp att, og det enda med eit søk på nettet etter songen, og der fann eg ikkje berre den eine strofa, men og tre vers. Svenske  Einar Ekberg var opphavsmannen til songen, der han skildrar at livet ikkje alltidt er lett og lyst, istaden  kan det vere tungt og fullt av mørke skyer. 
Desverre trur eg at refrenget si løysing på dei tunge dagane med at Jesus står der i skuggane,  vert litt for enkel. Eg trur han må ha hjelp. 
Ordet, Guds Ord både i det gamle og det nye testamentet fortel at det er vi, hans tenarar på jord som har den oppgåva.  Frå Bibelen sine første  sider til dei siste finn vi eit grunntema som heiter kjærleik, nestekjærleik.  Jau, inne i skuggane står nok Jesus med si hjelp  til dei som slit, ja,til oss alle, men: det er vi som har fått utdelt to føter, to hender  og eit stort hjarte. Og  det er oss Jesus ber om å ta dei i bruk  i nestekjærleikens teneste. Då kan mange mørke skyer lette, og dei som slit kan igjen oppleve sola sin varme kome frå revner i dei mørke skyene. 
Trur eg.




mandag 13. oktober 2025

Oktobermorgon

Tidleg oktobermorgon. Morgonen sine nyhende i media er slått av og eg sit i stolen min framfor vindauget. Det vart meldt om at det skulle verte nedbør denne morgonen, men det er i sofall ikkje mykje av det enno. 
I fjellet og ved åsane bortom fjorden ser eg skoddedottar strekkje seg ut denne morgonen. 
Og på bordet utanfør døra er småfuglane i gang med morgonmåltidet. Det er reinska solsikkefrø eg byr dei. 
For meg er det ei stor hygge å ha desse små gjestane gjennom dagane. Tre sortar meiser er dei flittigaste gjestane. Kjøtmeis og blåmeis. Så kjem spettmeisene,  og då må dei andre vike unna ei stund til til dei er forsynte. 
Gråsporven er ikkje åleine når han kjem på vitjing. Dei er gjerne ein  ei heil hærskare på ti  til tjue stykke, og då går solsikkefrøa unna i ei fart. Og når dei er forsynte tek dei turen til fuglebadet mitt borte ved verandarekkverket. Då fyk vatnet som ei sky rundt dei når karet er fullt av fugl som tek morgonbadet.

Skjeldnare gjestar er den varsame raudstrupen. Men dompappen  toler ikkje konkuranse ved matfatet. Kom ikkje her, her er det eg som rår no.

Er vi lik fugleverda vi menneske også?
Nokre trivst best når dei er mange ilag, andre er av det varsame slaget som ikkje trengjer seg på. Andre att er som dompappen. Her er det eg som rår no !
Men fleirtalet er vel som meisene som er vel forlikte med kvarandre.

Ja, mangt kan ein undre seg på her innan for glaset, medan minutta og timane går, ei tidleg, litt grå, morgonstund.



søndag 12. oktober 2025

Ei kveldsbøn

Eg kom over denne teksta, denne bøna då eg var inne på PoesiRingen på Facebook i kveld. Den er skriven av Hans-Olav Mørk til hans ven, presten Øyvind Frisvold som var alvorleg sjuk, og  den vart framførd i gravferda hans.
Eg kjende at orda, bøna,  gjorde noko med meg. Eg kunne kvile i orda,  gjere dei til mi eiga kveldsbøn.
Kanskje kan også andre finne glede i denne kveldsbøna av Hans-Olav Mørk.
Hold oss trygt i hånden, Gud,
gjennom denne natten.
Gi oss fred og hvile, Gud,
når vi går til ro.
Takk for dagen som er gått,
for at du var med oss.
Nært, som en usynlig vind,
ga du håp og tro.

Vær hos dem vi elsker, Gud,
alle du har gitt oss.
Takk for alt de ga til oss.
Takk for alt de er.
Du som våker over oss, 
trofast gjennom natten,
følg oss inn i nattens land,
og gå med oss der.

Noen har det vondt i natt.
Sitt hos dem som lider.
Bli hos dem til dagen gryr
og de finner fred.
Vær hos oss i morgen,  Gud,
alle våre dager.
Med vår hånd så trygt i din
legger vi oss ned.













søndag 5. oktober 2025

Metafysisk ?


Ei av lesetekstene ved gudstenesta i dag var frå Profeten Esekiel kap. 37, der profeten får sjå ein dal full av tørre bein, og han vert beden om å tale profetord  til dei, og då vert  beina atter dekte av av kjøt og hud, og får livsande igjen. Det har gjerne vore tolka som eit teikn på israelsfolket, men kan like gjerne vere eit teikn på alle menneske, av alle folkeslag si framtid.
Sidan mi kjære døydde har eg tumla med døden sitt mysterium. Kva skjer når vi døyr. Ikkje med kroppen, den vert lagt i grav for å gå attende til jord igjen, men kva med anden, - og sjela ?

Forfattaren Jon Fosse,  les eg, var oppteken av ein annan stor forfattar, Tarjei Vesaas. Og eg finn likskapar mellom det dei to skriv, både i poesi og forteljingar. Eg opplever at Vesaas i sine romanar og poesi tendrar inn på det uforklarlige. På metafysiske opplevingar.

I reklamen for Jon Fosse si siste bok - Vaim - stod det at boka innheldt litt mystikk. Eg vil heller sei at den inneheldt litt metafysikk. Eller, opplevingar som er over grensa til det ufattelege, det vi elles oppfattar som det verkelege, reelle livet. 

Som kristne held vi for sant noko som ikkjetruande vil sei er umogeleg. At Jesus  sigra over døden og braut grava sitt mørke, det manglar erfarte bevis , fakta,  sjøl om nokre utvalde fekk erfare den oppstadne. Eg vil ikkje kalle det mystikk, men kanskje var det ei metafysisk oppleving. Ei uforklarlig oppleving av at ein som var død og gravlagd,  likevel, brått,  står der lys levande framfor dei som fekk oppleve det. Og i gudstenesta i dag var det nettopp Jesus si makt til å gjere dette uforklarlige,  å kunne gi livet attende til den døde dottera til synagogeforstandaren som var evangelieteksta.

Eg har ikkje lese alle Jon Fosse sine bøker, men i nokre av dei siste han har skrive, Morgon og kveld, Kvitleik og no i Vaim, skrid Fosse over grensa for det sansbare og verkelege,  og over i det metafysiske landskapet. 

I Vaim er det Elias som opplever at det bankar på døra, uten at der står noko utanfor, før venen Jatgeir står der. Då Elias seinare møter nokre andre menn får han høyre at Jatgeir har drukna lenge før han stod utanfor Elias si dør. 
I Morgon og kveld , og i Kvitleik er det den alt døde si oppleving etter døden Fosse fortel.  
I jødisk tenking forlet ikkje sjela kroppen før etter tre dagar, noko som gjer at Jesus kan vekke døde,  som Lasarus og gjenta i dagens tekst, opp til nytt liv. 

I morgon og kveld opplever den døde Johannes å sjå ned på si eiga gravferd i det den årelause båten fører han bort.
Og eg undrar meg, kva er det for slags opplevingar det er som ligg bak hjå Fosse, sidan desse emna kjem fram i bøkene hans .
Opplevingar der det vonde ikkje er tilstades, berre fred.  Slik mordaren Asle i Trilogien og opplever freden då han vert hengd i Bjørvin for sine tre drap.

Og i teksta frå Esekiel eg las idag, får alle turre bein ein kropp og vert levande igjen. Same kva liv dei eingong levde.
Og spørsmålet som heng att i meg handlar ikkje om orda eg har sagt mange gonger ved ein gravkant, at til jord skal du verta, og av jorda skal du atter stå opp. 
Men kva skjer med oss når vår ande forlet oss og vi døyr , og det som er EG, eller VI, forlet kroppen vår og går attende til Han som eingong gav oss livet.
Er det lov å undrast ?  Svaret får vi vel først når det eingong skjer.