søndag 30. oktober 2022

Vår Frues Kirke

Første kvelden i Trondheim gjorde vi eit forsøk på å kome inn i domen, men det var til fånyttes. Den var stengd. Kva gjer ein då ?  Ein tek seg ein liten gåtur i nærområdet. Som til den gamle og mykje omsyngne bybrua. Noko som skal vere særs romantisk, men romantikken glimra nok med sitt fråvær den kvelden. Ikkje so med eit større tog av ukrainarar som demonstrerte mot krigen i heimlandet med plakatar, flagg og kraftige rop.
Men kva er meir å sjå på ein heller kjøleg kveld i trønderhovedstaden? Vår Frues kirke låg på vegen vår mot parkeringsplassen ved torget. Der var lys innafor vindauga. Er ho opa? Det kom då ein mann ut. Då prøver eg og ser om vi kan kome inn. Det lukkast. Ho var opa, ikke for omvising, men Kirkens Bymisjon heldt den opa for gatas frosne sjeler. Der høyrde ikkje vi heime men fekk kome inn likevel.
Eg kom i prat med ein kar som heldt på rydde fremste kyrkjeskipet for stolar. Og mitt skryt av kyrkjeromet fekk han til å auke lysstyrken, og til fortelje meg om kyrkja si soge  og om det eg såg for augo mine.
Galleriet var for dei kondisjonerte, ikkje for almuen i eldre tid, fortalde han.

Harald Hardråde bygde ei Mariakyrkje på 1060-talet. Ho vart reva på seint 1100-talet. I staden kom der ei stavkyrkje.Men 1206 under borgarkrigen kom det til ei massakre på baglarar som hadde søkt tilflukt i kyrkja, og kyrkja vart delvis øydelagd i det angrepet. Kort tid etterpå vart det reist ei steinkyrkje på staden.
Altertavla, fortalde han, er den største i landet, og ho ruva godt framme i koret.  Ho var frå 1744 og stod opphaveleg i domen. Til denne kyrkje kom ho i 1837. Og så fortalde han noko som gjorde meg ekstra nyfiken.

I kyrkjeveggen, på utsida, bak koret og altertavla, er der i ein stein hoggen inn ei tekst frå 1200-talet på gamalnorsk. Ikkje med runer men med latinske bokstavar. Og han fortalde meg kva som stod der. Det måtte eg finne og sjå.
Eg hadde vanskar med å tyde dei 800-år gamle bokstavane, men der står:
"hin:helga:maria:a:mik:
bjorn:signarsson:gjerde:mik"
På mitt mål tyder det: Den heilage Maria eig meg. Bjørn Signarsson gjorde meg.
Med andre ord; Kyrkja var vigsla til jomfru Maria. Og Bjørn Signarsson var truleg byggmeisteren, ein gong tidleg på 1200-talet.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar