søndag 21. august 2022

Vidt utsyn.

Etter ein morgon med skodda langt ned i fjella er det no høg og blå himmel her eg sit og nyt det vide utsynet over fjord og fjell her ved ein av  Romsdal sine fjordarmar.
Til venstre for meg går Langfjorden innover mot Eidsvåg, med Herjefjell og Mittetfjell over, og med Vistdalsfjell bak, og med toppar som er rundare i forma enn på sydsida av Romsdalsfjorden. Lengst inne stikk Skjorta i Eresfjorden opp, vel 1700 meter høg.
Under Torvløysa ser eg fergestaden Åfarnes, og til høgre for den går Rødvenfjorden sydover. Det var her inne, på sydsida av skaret mot Isfjorden at skotteren til Sinclar gjekk i land for å byrje på ferda mot si endelykt ved Kringen. Bak skaret opnar utsynet seg mot Innfjordfjell og Isterdalsfjell med Trolltindane gøymt i skodda.l
Fjella vestover frå skaret er vestsida av Rødvendalen med Oksen som det høgste. Lenger bak, på sydsida av fjorden ser vi Måndalsfjell og Blåstolen på Vågstranda med austenden av Sekken nærast meg.
Men over fjorden, nærast meg, ligg Veøya og den mindre Hangholmen.
På Veøya låg før Svartedauden ein middelalderby, seinare er det berre den gamle fylkeskyrkja for Romsdal og prestebustaden som er der, prestebustaden som seinare vart bustad for Coucheron Aamodt då han kjøpte øya. Rundt 1.verdskrigen erklærte han krig med Tyskland, og han rekna seg som rett arving til den norske kruna. Kvar Hangholmen har sitt namn frå er vel rimeleg å skjøne. Veøy sitt namn kjem frå eit norrønt ord "ve" som tyder heilag , truleg har der vore eit gudehov der i førkristen tid.




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar