mandag 9. mai 2022

Sorgen og gleden (2)

Livet kan til tider kjennast å vere i meste laget å røyne.To dødsfall for mine kjære på under to månader kan kjennast so. Først var det mi kjære Bodil som sovna inn av kreftsjukdomen, og eit 58 år langt samliv var over. Så var det min gode bror som hadde eit alvorleg uhell. Miste truleg balansen i ei betongtrapp og fekk fleire brot i hovudskallen og med det store hjerneblødningar. Fem dagar fekk vi sitje ved sjukesenga hans og fylgje hans siste levedagar før han drog sine siste andedrag og var borte.
Sorg, kva er det? Gråt og tårer i mengd? Det er det nok og. Men for meg har det vore eit stort vemod over noko som er borte, noko som er tapt. Ja visst har eg minner i mengd over dei to som ikkje er her lenger, men minna dekkjer ikkje tapet.
Vona om å møte dei att når eg sjølv har sovna inn har eg, men det dekkjer heller ikkje tapet av dei to som døden tok. Det vart så tomt, så veldig tomt hjå meg  etter dei to som ikkje er her lenger, det er ein realitet i mi sorg som eg kjenner på kvar dag. Men sorga er og fysisk. Den gjer meg sliten og trøytt. Og den får meg til ubevisst å høyre og sjå ting som ikkje er der, eller er det der likevel? Sorgen og gleden de vandrer til hope, skreiv Kingo. Og han hadde nok erfart det i sitt eige liv. Slik eg og får erfare det i desse vårmånadene. Sorga over det tapte vil nok vere med meg vidare lenge enno, så får eg plukke gledene ned når dei dukkar opp.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar