torsdag 2. juli 2015

Kokheitt

"Kokheitt" viser målaren ute, og det er 32.5 i normal tale. Ein annan digital målar i nærleiken viser 33.9, men det er nok i meste laget. Det er nok 32.5 og, sjølv om det er i skuggen på solsida. EIn målar på skuggesida av huset viser no 30.6, og det er nok eit rettare tal. Men kva gradtal ein stoggar ved, så er det kokheitt. I varmaste laget i sola for meg, så eg held meg der skuggen råder. Eg kunne nok gått ned i fjøra og prøvt meg på mitt første sjøbad i år. Men eg let meg ikkje freiste, sjølv om eg høyrde frydefull rop frå huset sine små, for litt sidan. Og det er bra dei nyttar høvet no når sumaren gjer ein snarvisitt, for etter som YR-folka fortel så er vi attende i normalen i morgon alt, med regn og ein gradstokk som berre seier "Mjølkeflødde" eller "Fjelgt". Og skal eg tru mi kjære som granskar månefasane, så er det ikkje store vona om meir " Heitt" eller "Lommert" vær før i slutten av denne månaden eller i den neste. Og det er i grunnen greit, så slepp eg at det er været som hindrar meg frå å fullføre arbeidet eg gav meg i kast med etter påske, å bygge opp eit nytt bad frå grunnen av for mi kjære og meg. Ho byrjar å stunde etter fullføringa. Jagar så smått på meg, noko som ikkje høyrer kvardagen til frå henne. Men eg trøystar henne med at no er det på det næraste det nokon gong har vore. Rørleggar og elektrikar har vore her dei siste dagane og klargjort det dei sålangt kan gjer, og då er det berre å få på flisene og vente på veggplatene. Så det går då framover, om ikkje så brått.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar