Dei fire evangelistane fortel om mange underfulle gjerningar som Jesus gjorde dei tre åra han var verksam i Judea og Gallilea. Det er ein del av mi tru at slike under kan skje også i vår tid. Den Heilage Ande er framleis verksam mellom oss, og kan bønhøyre, og lækje. Likevel høyrer eg med til dei som ikkje automatisk godtek alle fortellingane vi høyrer og les om, når det vert fortalt om at menneske vert lækte på ein underfull måte. Eg vil gjerne sjå at det vert bekrefta av utanforståande fagfolk. At ikkje fortellinga er ei laga soge for å fortelje om at Jesus si lækjande kraft er verksam og i vår tid. Eg må derfor kalle meg ein truande tvilar på dette området.
Men på nettet, i Israel Today, les eg ei fortelling der namnet på kvinna som vart hjelp, lækjaren på hospitalet der ho var pasient, og namnet på hospitalet, er nemnt. Og i fortellinga er det det lækjaren og sykehuspersonalet som kjelda. Ikkje den kristne, palestinsk-israelske kvinna.
Soga er fylgjande.
Ei kvinne kom i rullestol til det nemnde hospitalet med ein vondarta kreftsvult i eine foten. Ein svulst stor som ein appelsin. Undersøkinga på sykehuset fann at skulle livet reddast, måtte foten amputerast. Legane sende og den informasjone dei sat på til eit hospital i USA for å få deira vurdering av situasjonen, og derifrå vart konklusjonen stadfesta. Foten måtte amputerast. Kvinna vart innkalla til operasjon, men den måtte utsetjast grunna tekniske vanskar. Ny innkalling vart gjort, men den og måtte utsetjast av årsaker på sjukehuset. Tredje gongen var det kvinna sjølv som bad om utsetting då mor hennar hadde vorte alvorleg sjuk.
Så vart ho innkalla for fjerde gong, og ho kom, til sykehuspersonalet og lækjaren si store overrasking, gåande på eigne bein, utan hjelp av rullestol. Kva hadde hendt? Svulsten var borte. Vidare undersøkinga viste at der ikkje var spor å sjå etter den. For å undersøke moglege årsaker til underet, drog dei jamvel til heimstaden hennar for å sjå om dei kunne ei årsak til lækjedomen i maten eller vatnet ho tok inn. Men nei, ingen ting å finne. Underet var der. Kvinna var frisk.
Skjer under også i dag? Tvilaren i meg som har hatt vanskar med sokalla udokumenterte påstandar, må her bøye seg for eit - truleg - godt "dokumentert" tilfelle av under, utløyst av bøn. Og stemme i med lovprisingane som fylgjer komentarfeltet etter stykket i Israel Today. Under skjer og i dag.
tirsdag 7. januar 2014
onsdag 1. januar 2014
Dagar etterpå (3)
Så er den åttande dagen komen. Dei lysblenkande rakettene har enda si ferd mot den mørke natthimmelen med bulder og brak også her ved fjordbukta i Sogn. Det er her mi kjære og eg har feira overgangen til det nye året. I går hang skyene langt ned i fjella, men i dag har dei lyfta seg opp, og temperaturen har auka med eit par grader. Men også her er det grøne marker. Andre halvdelen av veggfrisa frå klosterkyrkja i Moissac syner kva som hende den dagen barnet , Maria sin son, var åtte dagar gamal. Og det vert den siste hendinga eg skriv om i Dagane etterpå. For kva meir som hende Maria, barnet og Josef, fortel ikkje skriftene, i alle fall dei vi har i Bibelen, noko om.
Matteus fortel kort om at dei vende attende frå Egypt og busette seg i Nasaret. Så får vi ei Jerusalemvitjing då han er tolv år. Og så er det stillt att til dukkar fram igjen, omlag 30 år gamal, og vert døypt i Jordanelva av Johannes. Døypt og vigsla til si Messiasgjerning.
Den åttande dagen i ein førstefødd gut sitt liv skulle han berast fram for å helgast for Herren. Samstundes utførde og prestane omskjeringa av han, den som innlemma han i Israel, Guds eigedomsfolk.. Og Maria skulle bere fram eit reinsingsoffer etter fødselen. Slik Moselova sa det. For Maria skjedde det med at dei ofra ei duve på alteret i tempelet. Truleg fekk han og namnet sitt den dagen.
Nokre forskarar meiner at Jesus vart ikkje fødd i Betlehem i Judea, men i ein liten nyoppdaga landsby i Gallilea, ikkje så langt frå Nasaret. Skal vi tru at det var i tempelet Maria og Josef bar fram offeret, så kan ikkje det forskarane hevdar vere tilfelle, for eg trur ikkje dei hadde teke ut på ei så lang ferd som frå Nasaret og til Jerusalem med eit lite barn som enno ikkje var veka gamal. Det var risikabelt nok den ferda dei gjorde med ei høggravid, ung, Maria.
Men der i tempelet er der to som møter dei, ei gamal enkje på over 80 år, Anna, og Simeon, også truleg ein eldre mann. Då tek Simeon guten i hendene og prisar Gud fordi han no har fått sett Israels frelse, slik han hadde bedt Gud om. Då kom også Anna fram og lova Gud, og fortalde om barnet til alle som venta på Guds frelse.
Og i dag er det den åttande dagen. Den som kyrkja har kalla Jesus sin namnedag. Då byrjar vi på eit nytt år med nye dagar og månader framanfor, og vi må hugse på at heretter skriv vi 2014. Det kan vere vanskeleg nok i starten, men vanen kjem nok fort.
Så då ynskjer eg mine vitjarar eit God nytt år.

Abonner på:
Innlegg (Atom)