onsdag 8. mai 2013

Er dette rett?

Litt vårinfluensa kjem ein ikkje utanom, skjønar eg. Etter ein gårsdag, ei natt og ein ny dag då det kjennest godt å strekke seg ut på seng eller sofa med noko lunt over seg, så vart det sjølvsagt sol over grønkande marker og lier ute.  Og gradstokken kryp oppover til tal han aldri har vist på mange månader. Det er mest så ein kan undrast på om dei er sanne, tala han syner? Kanskje det er ei lita trøyst for ein småsjuk mann at det visstnok skal vare berre denne dagen. Og så attende til det normale. Men idag får mi kjære nyte det i fulle drag.
* 23,9 stansa gradstokken på før han byrja å gå nedover att. Ikkje verst. Men eg er nok litt i tvil om han ikkje viste litt i overkant av kva rett temp var.*

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar