lørdag 24. august 2024

Kvernes kyrkjer

Så skriv eg 24.august. Ein sommar nærmar seg sin ende, ein litt kjøleg og våt sommar. Så mykje væte har det ikkje vore, men det har ikkje vore så mange soldagar denne sommaren heller. Denne helga er eg på Nesje, og idag overlet eg bilrattet til mi Romsdalsdotter for ein biltur til Nordmøre, med mål Averøya og Kvernes kyrkjer. Ei kvit soknekyrkje frå 1893, og ei av dei yngste stavkyrkjene i landet,  bygd etter reformasjonen i 1630.
Og sidan begge var opne så byrja vitjinga i soknekyrkja til flott orgelmusikk. Det var kanskje salmane til søndagens gudsteneste organisten øvde på.
I stavkyrkja vart vi vel mottekne av guiden, ei tysk/ averøykvinne frå Bayern. Ho hadde mykje å fortelje om kyrkja si soge og inventar. Diverre vil ikkje programmet la meg nytte bilete på høgkant, berre i breddeformat, så dei dei bilete eg har frå kyrkja inne legg eg ikkje ut, sjølv om der var mykje interresant å sjå. Men eit besøk i begge kyrkjene er vel vert  å nytte tid på.
På heimvegen svinga vi av til Sveggøya  og til minnesmerket over den tragiske krigsulukka der hurtigruta Irma og kystbåten Henry vart torpederte av norske MTB' ar  ved Hestskjæret fyr, og der 65 personar kom bort.
Ein stogg på Atlanterhavsvegen tok vi oss også tid til.