Men eg likar det og denne vanen, sjølv om eg vert nokon trøtt ut på kvelden 1.juledag.
Det byrjar juleaftan før klokkene kimar jula inn. Den ettermiddagen fyller bygdefolket kyrkja tre gonger til familiegudstenester. Og denne jula fekk eg lov å vere brannvakt på den kl.16.00
I adventstida er dørene på det gamle alterskapet attletne. Og vert ikkje opna att før under ottepreika tidleg neste morgon.
Kl.07 neste morgon er det klart gudsteneste nr.2. Ottepreike, og i år var det mange som tok plass i den halvskyme kyrkja til ei annleis gudsteneste. Og eit stykke ut i gudstenesta vert dørene på alterskapet opna att. Og det vil dei vere fram til Maria bodskapsdag, sidan dei den dagen syner Maria som får vitjing av ein engel, med bod om at ho er utvald til å føde ein gut ved Den Heilage Ande.
Denne jula var det mange som deltok i ottegudstenesta. Men i høgtidsgudstenesta kl.11.00 var det færre enn det har vore siste åra. Været hadde kanskje sitt å sei på frammøtet. Ikkje godt å vite ?
Ei jente vart boren til dåp, og nattverd vart feira av dei som hadde teke på kyrkjeveg i snøkava.