lørdag 28. mai 2016
Blømande blomar
Så har stativet for foring av småfuglane fått ei ny oppgåve. Borte er solsikkefrø, meisebollar og fuglefrø som mi kjære sørga for at det alltid var nok av i den kalde årstida. No har ho i dei siste varme og solrike dagane vore oppteken med å plante og henge opp fargerike blomar. Til glede for meg som får lov å nyte fargefloren.
fredag 27. mai 2016
Å leva
Å leva, det er å elska det beste di sjel fekk nå;
å leva, det er i arbeid mot rikare mål å trå.
Å leva, det er i livet Å finna det største verd;
Å leva, det er å vinna til sanning i all si ferd.
Å leva, det er å leggja All urett og lygn i grav;
Å leva, det er som havet Å spegla ein himmel av.
Anders Vassbotn 1892

onsdag 25. mai 2016
Om litt er kaffien klar
Dette var ein annan morgon enn i går. Sol og klår himmel. Og det skal vare nokre dagar, seier værspåmennene. Måtte dei få rett. Eg har sett fram i sola godstolen, og om litt er kaffien klar. Snart har mi kjære og forlete sengevarmen, og då vert det frukost i solveggen. Kan ein då få betre morgonar enn denne?
tirsdag 24. mai 2016
Von i hangande snøre
Så langt har vi hatt ein heller kjøleg og grå vår her ute på Mørekysten. Det er ikkje så mange soldagane vi har kunna gle oss over, men no seier værmeldarane på YR at det er von i hangande snøre. Dei lovar faktiske at i dagane framover så skal vi få varmare vær, og det både takkar og bukkar eg for. Så får vi sjå om lovnaden ville halde seg, eller om været, og varmen, kan vere vanskeleg å spå om denne gongen og, sjølv for værmeldarar frå YR.
lørdag 14. mai 2016
Køyr varsamt!
Så hende det att. Rett ned for heimen. Det er ikkje mange vekene sidan sist det hende. Den gongen etter midnatt, men denne gongen midt på dagen. Sist sov eg då det small, men fekk med meg det som kom etter på. Men i dag sat eg på loftet med gutane då lyden av knust metall nådde meg.
Mest på same stad som sist hadde ein bil hamna i grøfta før den gjorde rundkast over vegen og inn i glidekanten på andre sida. Heldigvis høyrdest det ut for at det hadde gått bra med dei som var i bilen, men bilen sjølv såg ikkje heilt bra ut etter lufteturen. Vassplaning vart det sagt var årsaka, både denne og sist gong, men eg har no ei lita tru på at farta nok har vore i høgste laget. Så køyr varsamt, folkens!
Av eiga erfaring veit eg at det stundom skal svært lite til før ein misser kontrollen, og då har ein ikkje mykje ein skal ha sagt før lyden av knust metall høyrest.

Abonner på:
Innlegg (Atom)