Det er no over tre år sidan ekstremværet Dagmar for over bygdene her i nord-vest, og gjorde stor skade. Det er utruleg mykje tømmer som har vorte skipa ut frå kaia, på andre sida av fjorden, etter at Dagmar for forbi her. Sidan har vi i grunnen hatt det høveleg roleg når det gjeld storm, og uvær, men no siste dagane har værmeldarane varsla om eit komande lavtrykk som synte aukande styrke. Og til slutt fekk det namnet Nina, og det ville slå inn over kysten her nord om Stadt, og med stor kraft vart det sagt seinast i går. Men i dag har alt endra seg. Nina la om kursen, og i denne stunda er det frå Sunnfjord og sørover at dei får smake kreftene hennar, medan vi her lenger nord har delvis blå himmel og nær på vindstille. Mi kjære og eg fekk ein liten værstasjon i julegåve som vi har montert opp. Og vindmålaren på den rører knapt på seg i ein svak bris frå søraust. Og det klagar eg ikkje på.
Og korleis ser det så ut med vandringar no på nyåret? Der er det ingen ting under planlegging så langt, men ei våre medvandrar har byrja å lokke med ei vandring frå Nasaret til Betlehem. Og det freistar, så kanskje det kan verte noko av. Om ikkje i år, så kanskje neste år? Den som lever får sjå; som det heiter.
lørdag 10. januar 2015
fredag 2. januar 2015
2.januar 2015
For første gong skriv eg årstalet 2015, sjølv om det alt er på andre dagen gamalt. Det er ei lita omstilling å byrje å skrive eit nytt årstal. Kanskje skulle det uroe meg litt å verte mint på at eg byrjar å verte ein eldre mann, men den uroa er meg fjern. Eg kan ikkje gjer noko med det likevel, så eg får ta dagane som dei kjem. Eller som ei sa: vil du ha bekymringar så får du ta dei på førehand, ellers er det ikkje sikkert at du får dei.
Julehelga feira mi kjære og eg saman med vår familie i Sogn, og hadde nokre rolege og trivelige dagar der før heimreisa gjekk gjennom eit snøkledt og kaldt vinterlandskap, men vel heime slo været om att til plussgrader.
Etter ei mild og vindstill nyårshelg så er denne dagen komen med sterk vind og nedbør. Ute er der på nytt kome eit tynt lag av det kvite på marka. Mi kjære har hatt stor omsorg for dei små og fjørkledde dei siste vekene. Ho har sørga for at der alltid er noko snacks å finne for dei, og straumen av sporv og meis til matfatet har vore jamn heile tida medan dagslyset har vore her, men i dag vert det til tider litt vindskeiv flyging inn for dei små.
Inne i stova har eg hatt vitjing to småkarar som har vore djupt inne i legobygging og rolleleik. Det gleder ein bestefarshjarte når dei finn tid til å vitje oss her nede på grunnplanet.
Eit årsskifte er ofte tida for å gjere opp status, sjå attende på året som seig i hav, og tenkje litt framover på dagar som kjem; og undre seg litt på kva som kan vente der framme. Nokre planar om å betre livskvaliteten og auke kroppen si yteevne, dvs. kome i betre fysisk form, burde eg nok gjere noko med, men å realisere dei det er eit heilt anna spørsmål.
Siste månadane har eg streva med å kome meg igjennom ein engelskspråkleg komentar til Romarbrevet. Spennande for mi teologiske interesse, men som ein teolog skreiv på verdsveven; alle med den slags interesser burde og lese skjønnlitteratur som eit suplement, elles kan synsfeltet verte for trangt. Så kanskje eg burde sørge for å fornye kjenskapen til den delen av kulturen i dagane som kjem. Den har ikkje vore prioritert dei siste åra.
Og no ventar eg berre på klårvær, og at sola på nytt skal sende sine strålar over hus og heim.

Abonner på:
Innlegg (Atom)