På heimvegen svinga vi av til Sveggøya og til minnesmerket over den tragiske krigsulukka der hurtigruta Irma og kystbåten Henry vart torpederte av norske MTB' ar ved Hestskjæret fyr, og der 65 personar kom bort.
lørdag 24. august 2024
Kvernes kyrkjer
Så skriv eg 24.august. Ein sommar nærmar seg sin ende, ein litt kjøleg og våt sommar. Så mykje væte har det ikkje vore, men det har ikkje vore så mange soldagar denne sommaren heller. Denne helga er eg på Nesje, og idag overlet eg bilrattet til mi Romsdalsdotter for ein biltur til Nordmøre, med mål Averøya og Kvernes kyrkjer. Ei kvit soknekyrkje frå 1893, og ei av dei yngste stavkyrkjene i landet, bygd etter reformasjonen i 1630.
Og sidan begge var opne så byrja vitjinga i soknekyrkja til flott orgelmusikk. Det var kanskje salmane til søndagens gudsteneste organisten øvde på.
I stavkyrkja vart vi vel mottekne av guiden, ei tysk/ averøykvinne frå Bayern. Ho hadde mykje å fortelje om kyrkja si soge og inventar. Diverre vil ikkje programmet la meg nytte bilete på høgkant, berre i breddeformat, så dei dei bilete eg har frå kyrkja inne legg eg ikkje ut, sjølv om der var mykje interresant å sjå. Men eit besøk i begge kyrkjene er vel vert å nytte tid på.
fredag 14. juni 2024
eg går
Tap for all del ikke lysten til å gå; jeg går meg til det daglige velbefinnende hver dag og går fra enhver sykdom; jeg har gått meg til mine beste tanker og jeg kjenner ingen tanke så tung at man ikke kan gå fra den.
Vel, dette er ikkje mine ord, dei er danske Søren Kirkegaard sine. Han levde i ei tid då det å gå høyrde til normalen når ein skulle forflytte seg, om ein då ikkje høyrde til dei som hadde tilgong til hest og kjerre.Eg har fått meg ei av desse moderne armbandsura som er ei lita datamaskin. Ikkje berre fortel ho meg tida, men og korleis nattesvevnen min har vore har ho og greie på. Og mykje, mykje meir kan ho og fortelje meg.
Verre er det at ho stadig minner meg på at no er det på tide å reise meg frå godstolen, få på meg skorne og kome meg ut av døra for å gå.
No vil eg helst gå i opphaldsvær, eg er ikkje så glad i det våte, men som ei dotter sa til meg i forbifarten i dag. Det er noko som heiter regkle.
Men i dag skein sola, så klokka dreiv meg ut på vegen, utover i bygda, heilt til der gangvegen enda. Det er lenge sidan er har gått så langt. Truleg hadde eg godt av turen, men eg merka at det er lenge sidan eg har gått så langt. Vel heime kunne klokka fortelje meg både kor mange steg eg hadde teke, kor langt det var i kilometer, og kor mange minutt eg hadde brukt.
Om undervegs tenkte mine beste tankar, som Søren skreiv, er eg ikkje så sikker på, Truleg var eg meir oppteken av å flytte føtene. Men eg kom både fram og attende, og då var godstolen god å finne.
tirsdag 4. juni 2024
Norddal kyrkje
Så er sommaren komen og klubben for " dei vise menn" ( Volda og Ørsta Y's Men's klubb) hadde sin årlege sommartur. Denne gongen var dei ei bygd i indre strok av Sunnmøre som fekk vitjing. Norddal, som og er nemnd som Dalsbygda. Ein flat og fin dal mellom høge og bratte fjell.
Der vart vi vel tekne imot og fekk god omvising av to eldre lokale menn frå bygda. Først i den gamle kyrkja frå 1782. Den første åttekanta på Sunnmøre, og som har eit særprega tårn. Den vart reist der den tidlegare stavkyrkja stod.
Over alteret ruvar alterbiletet, som er eit gamalt alterskap frå byrjinga av 1520-talet, laga i nord-Tyskland, og skapet er omringa av ei utskoren barokk ramme med mange figurar.
Motiva på alterskapet er Jesus på krossen med Maria og Johannes ved sida, og på dei opne sidedørene ser vi Heilag Olav og biskop Maternus. Eg tok meg ein tur bak for å sjå kva som syntest av dørene når skapet var lukka. Men dørene var gøymde bak ei bordkledning, berre halve dørene var synlege, men eg såg to kvinner som skal vere St. Margareta og St. Maria Magdalena.
Dei kvinnene og Olav kjenner vi, men kven er Maternus ? Eg måtte inn på ei katolsk side og leite, for som lutheranar kjenner eg ikkje til så mange helgenar. Og der les eg at Maternus var den første biskopen av Køln, og han døydde rundt 330. Men legendene fortel meir. Han var den guten til enkja i Nain, som Jesus vekte opp frå døden. Det høyrest underleg ut . Han vart altså over 300 år ? Vel legendene fortel at han vart vekt opp frå døden heile tre gonger. Det er vel naturleg å vere litt skeptisk her, men han er skytshelgen for smittsome sjukdomar og feber. Så kanskje er det han, for det kunne vel vere greit å ha ein slik hjelpar på alterskapet? Men der er endå ein biskop Maternus, ein biskop av Milano på same tidsromet. og om han er der ei meir truverdig soge. Så får ein vel velje kva for ein Maternus som er til stade på alterskapet i Norddal kyrkje.
Etter kyrkja køyrde vi opp på den gamle prestegarden der vi fekk ei bildeframsyning av bygda og bygdelivet i tidlegare tider, med mange gode soger til.
Den gamle aldersheimen i bygda er no gjort om til gjesteheim.
Og det var siste stoppestaden for oss i Norddal. Der fekk vi ein god middag av kjekjøt. Noko som var ein ny rett for meg.
Og til underhalding fekk vi felespel, både med hardingfele og flatfele, med tre spelemenn. Rettare sagt, to menn og ei kvinne. To av dei spelte og i kyrkja for oss.
Og vertane våre hadde meir å fortelje frå bygda, før vi måtte bryte opp for heimreis.
Ein fin og innhaldsrik dag indre fjordstrok, med opphaldsvær, og til dels sol. Men på heimvegen kom regnet, til tider auste det ned, og neste morgon vakna eg til nysnø i toppane.
søndag 19. mai 2024
Høgt på eit tre
Høgt i eit tre ei kråke sat, simsalabim ba ba.. lydde barnevisa. Men i dag var det ingen jeger som kom, men sommarvind.
Ei kråke som truleg har bygt seg reir i ei furu hos grannen, har og funnen seg ein utkiksplass på ei tynn grein heilt i toppen på ei nærliggane bjørk.
I stille vær er det ein roleg plass, men i dag var det heller motsett. Det bles ei god utrøne som fekk greinene på bjørka til å svinge kraftig på seg.
Men kråka gav ikkje opp plassen sin om den var heller uroleg av seg. Ho klora seg fast sjølv om ho i verste vindkasta måtte ta vingene til hjelp for å ikkje misse taket.
torsdag 16. mai 2024
Sol og varme
Så kom mai med sol og varme, og takk for det. Torsdag er fast balldag på Rjåneset, og i dag hadde det vore fint og innteke middagen ute på terassen, men i dag trekte eg innandørs, inn i eit kjølegare rom.
Men først var eg ein tur ut på terassen for å nyte utsikta til fjorden, bygda og Nipa som reiste sin store finger over fjord og bygd.
På berget ned for kafeen var der nokre andre som låg og varma seg i solsteiken. Fire boargjeiter låg der i fred og ro. Dei er innleigde for å drive litt skogrydding rundt kafeen og utleigehyttene.
Abonner på:
Innlegg (Atom)