torsdag 17. august 2023
Eit år har gått
fredag 25. mars 2022
Eit nytt kapittel
Ingen veit kva dagen fører med seg. "Kvar dag har nok med si møde," står det i Bergpreika. Det har eg fått røynt dette siste året. Eit kapittel i livet mitt er over. Eit nytt har byrja.
Det byrja ved forrige årsskifte. Endringa hadde nok byrja før men det kom fram i lyset då. Mi kjære fekk påvist kreft. Dette skal gå bra, fekk vi høyre, der er gode medisinar å nytte no. Men krefta var nok komen for langt allereide. Immumforsvaret var for lavt og då kunne dei ikkje nytte full dose av medisinen. Det uroa meg, og ved siste årsskifte gjekk dei over til ein ny type medisin. Om den sa ho at effekta av den var lita, men ho fekk alle biverknadane den kunne gi, og alt i slutten av januar gekk dei over til cellegift. Men det vart kortvarig. ei og ei halv dose. Då vi kom for den tredje dosa fekk vi høyre at dei avslutta behandlinga. Dei kunne ikkje gjer meir for henne, kroppen ville ikkje tole meir cellegift. No venta berre enden. Det kunne ta dagar, veker eller månader. Korleis tek ein ei slik melding? Vi var alt førebudde på det gjennom den sjukdomforløpet vi hadde sett siste vekene, Men, likevel, kan ein vere førebudd på ei slik melding? På heimveg stansa vi ved ein kolonial for å gjere nokre innkjøp. Der møtte eg ein ven og han spurde kor det stod til. Ikkje bra, svara eg, no må eg byrje å førebu meg på å verte enkemann.. Det kom ikkje fleire ord frå han, eg trur han vart litt sjokkert av orda mine.
For ei veke sidan var kyrkja fullsett av slekt og vener av mi kjære som ville ta farvel og fylgje henne til hennar siste kvilestad. Det var ei god og fin stund i kyrkja, med gode ord frå Arne prest, og med fyldig og god song frå dei som var i kyrkja. No kviler lekamen til mi kjære på kyrkjegarden, i ei kvit kiste gøymt i jorda til oppstoda sin morgon. Men det som var meir henne en lekamen, sjela og livsanden, er ikkje der. Dei er heime hjå han som i si tid gav henne dei- Som det står i siste verset av " Ein fin liten blome". "Lat lekamen kvila med fred i si grav, mi sjel ho er heime hjå Gud."
Eg kjenner på djup takksemd for at eg fekk møte henne, og at ho vart mi kjære Bodil gjennom alle åra vi fekk saman, men no er det forbi. Eg har byrja på eit nytt kapittel av mitt liv, og då utan henne. Og det byrjar med sorg, med vemod, men med meg inn i det nye har eg minna om alt det gode vi fekk ha saman gjennom 58 år. Takk, takk mi kjære Bodil.
søndag 20. februar 2022
Ei hustavle
For mange år sidan no kjøpte mi kjære og eg ei keramikkplate der Arnulf Øverland sine tre korte vers var skrive på. Tre korte vers men likevell så sterke og til ettertanke. Då vi flytta til eit mindre husvære overtok vår yngste dotter plata, og eg har ofte stansa framfor desse tre versa nå vi har vore på vitjing hos henne. Og kvar gong har eg inne i meg høyrt Arnulf Øverland si karakteristiske røyst lese orda. Og no ei av dei siste nettene låg eg våken ei stund og då dukka dei igjen opp i tankane mine.
Det er en lykke i livet
som ikke vendes til lede:
Det at du gleder en annen
det er den eneste glede
Det er en sorg i verden
som ingen tårer kan lette:
Det at det var for sent
da du skjønte dette
Ingen kan resten av tiden
stå ved en grav og klage
Døgnet har mange timer
året har mange dage
fredag 18. februar 2022
Inn i skodda
Blå time var tittelen eg brukte sist for vel ein månad sidan. No er det vel heller skodda som dominerar.
For livet si framtid og mine draumar om det har endra seg for meg. Framfor jula i 2020 fekk mi kjære eit bryst som ikkje var godt, og på nyåret 2021 vart det fjerna ein kul i brystet saman nokre lymfeknutar. CT-undersøking viste spreiing til bekken og lever, men fekk vi høyre: " dette går bra, vi har gode hjelpemiddel til lækje dette" Ho byrja på medisinen, men grunna svakt imumforsvar vart dosane redusert ned til svakaste styrke. Så før jul i 2021 var blodverdiane for dårlege så ho vart sett på ein ny medisin. 3 dosar med 14 dagars mellomrom og det førde til ei gradvis forverring av livssituasjonen hennar, før legane igjen braut av behandlinga og sette henne på cellegift, først ei dose eine veka, så ein halv neste veke og då var det slutt. Levera toler ikkje meir, og cellegifta gjer vondt verre var konklusjonen, så i går fekk vi meldinga om at dei bryt av behandlinga av henne. Så sit ein att og undrast; kor lang tid har vi att saman vi to før ho dreg inn i solnedgangen ein dag der framme, og eg står att åleine. Vel åleine vert eg ikkje, eg har born og borneborn, slekt og vener, men mi kjære gjennom mange år vil ikkje vere der lenger. Heller ikkje er eg åleine om å oppleve dette. Det er mange, mange som har vore, og vil kome i same situasjon som eg er i no, at krefta bryt inn, og bryt ned ein som ein var uendeleg glad i. Men dette gjer at eg føler at no går eg ikkje i solnedgongen sin blå time, men i skodda, inn i ukjende dagar. Men endå har eg henne hjå meg, vonleg i mange, mange veker, ja månader framover.