Mi kjære og eg sat saman med eit anna par, på ein benk ved eit stort torg i Casablanca. Ute på plassen var der mykje folk som gjekk til og frå sidan det var ein busshaldeplass like ved. Ei ung mor som bar på ein liten baby gjekk forbi fleire gonger, og rundt henne sprang og hoppa ei lita jente. Ein gong kom jenta burt der vi sat, og eg smiler til henne og seier "Hei". Ho stussar litt over ordet som ho nok ikkje forsto, men eg gjentok mitt "hei". Då dansa ho vidare. Noko seinare sit eg med haka i hendene og høyrer på praten ved sida mi. Det nærma seg tida for at bussen vår skulle kome då eg ser henne kome mot meg. Framfor meg stansar ho, tek hovudet mitt i hendene og lyfter det opp. Forundra let eg henne gjer det. Då er det ho bøyer seg fram og gir meg eit kyss på kinnet, Så spring ho avgarde attende til mor si lenger borte på plassen. Overraska og undrande sit eg, ein lett grånande eldre framand, attende, rørt av varmen i kjærteiknet eg fekk frå ei lita mørk jente på eit torg i Casablanca.
Viser innlegg med etiketten Marokko. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Marokko. Vis alle innlegg
søndag 4. mai 2014
Eit kyss i Casablanca
Mi kjære og eg sat saman med eit anna par, på ein benk ved eit stort torg i Casablanca. Ute på plassen var der mykje folk som gjekk til og frå sidan det var ein busshaldeplass like ved. Ei ung mor som bar på ein liten baby gjekk forbi fleire gonger, og rundt henne sprang og hoppa ei lita jente. Ein gong kom jenta burt der vi sat, og eg smiler til henne og seier "Hei". Ho stussar litt over ordet som ho nok ikkje forsto, men eg gjentok mitt "hei". Då dansa ho vidare. Noko seinare sit eg med haka i hendene og høyrer på praten ved sida mi. Det nærma seg tida for at bussen vår skulle kome då eg ser henne kome mot meg. Framfor meg stansar ho, tek hovudet mitt i hendene og lyfter det opp. Forundra let eg henne gjer det. Då er det ho bøyer seg fram og gir meg eit kyss på kinnet, Så spring ho avgarde attende til mor si lenger borte på plassen. Overraska og undrande sit eg, ein lett grånande eldre framand, attende, rørt av varmen i kjærteiknet eg fekk frå ei lita mørk jente på eit torg i Casablanca.
lørdag 3. mai 2014
Litt av kvart
I Marrakesh såg vi nokre høgreiste palmer med noke blankt i toppen. Ikkje dumt å kamuflere dei moderne radioforsterkarane slik.
På kvinnekollektiva bearbeidar dei det som geitene ikkje vil ha. Det indre skalet og nøttekjerna. Her sit kvinnene og knekker nøttene med stein mot stein. Skalet vert nytta til brensel.Gateseljarar var det mange av. Kvinner som selde smykke av ulikt slag. Og menn med belte og andre lærvarer. . Landsmenn av meg hadde lært nokre eit norsk uttrykk som dei i god tru brukte. Ekte krims krams. Vel alt var nok ikkje krims krams, om noko var det. Noke var nok ekte vare. Og rimeleg sett med norske auge.
Og dei små butikkane viste ofte fram eit fargerikt skue av kle, keramikk og andre suvenirar.
Men kontrastane var likevel store mellom by og landsbygd. I landskapet gjekk dei jordfarga husa mest i eit med landskapet rundt dei.
Husa var ikkje berre flotte og moderne bygardar, eller kvitkalka hus i tronge gater. På landsbygda såg dei litt annleis ut. Dette minte meg om ei fortelling frå evangelia, om dei mennene som bar sin lame ven til Jesus, men som måtte opp på taket og bryte det opp for å få senke han ned framfor føtene til meisteren frå Nasaret
Gjerde såg eg lite av, i alle fall ikkje piggtråd som det var så mykje av langs vandringsvegane i Frankrike. Men for første gong såg eg kaktusplantasjer, og kaktus brukt som inngjerding av åkrar og jordstykk
Den moderne byen er, trur eg, etter kvart nokså lik over heile jorda. Og det er ikkje for å shoppe på dei store og moderne handelshusa med sitt vareutval eg dreg, men det er den lokale maten, historia, fortellingane, sed og skikk, og landskapet som lokkar.
Derfor vandringane. Derfor Spania, Italia, Skotland, Israel. Frankrike, og no sist Marokko. Og om nokre få veker er det igjen klart for 14 dagar i Spania med nye vandringar og med nye opplevingar.
Bildet er av holet i den portugiske sisterna, der den speglar seg i vatnet på golvet under. Gjennom dette holet fyllte dei cisterna med vatten, og gjennom det drog dei vatten opp til sitt daglege hushald.
fredag 2. mai 2014
Mazagan, siste skanse
Men ein ting dei let etter seg, og som idag er på verdsarvlista, er ei sisterne. Den vart bygd i 1514 som eit varehus, men når tidene endra seg og kampen mot berbarane byrja, vart vatn kostbart. Då vart huset ombygd til ei cisterne som dei fyllte med vatn., frakta til festninga med båtar.
34 x 34 meter er ho i mål.
onsdag 30. april 2014
Den ufullendte
Porten inn til området er og av ei nyare dato. Og i tillegg vert den vakta av to menn til hest, i vakre uniformer. Det har eg ikkje sett før under ferda. Er det tårnet dei vaktar tru?
Det er ikkje alltid det går slik som ein planlegg, heller ikkje for mektige sultanar.
Sultan Yacoub a-Mansour ynskte å reise den nest største moskeen i den islamske verda, og med den høgste minareten 86 meter høg. Men slik gjekk det ikkje, for då han døydde i 1199 var ikkje draumen ferdigbygd, og sonen ynskte ikkje å fullføre arbeidet. I staden flytte han sin residens til Fes, og let den ufullenda moskeen og minareten stå der. Minareten hadde då nådd ei høgde på 44 meter og der moskeen skulle vere står der 200 søylerestar i dag. De var nok høgre i starten, for det vart lagt tak av tre over den ufullenda moskeen, men det fall saman ved det store jordskjelvet i Lisboa i 1755. Men sjølv i dag gjer den store plassen med alle søylene, og det raude tårnet i enden, eit mektig inntrykk.
mandag 28. april 2014
Rabat
Inne bak murane til det gamle Rabat, inne i medinanen finn ein trange gater med kvite hus, dekorert med blå dører og vindauge.
Og sjølvsagt handelsmenn som tilbyd ulike slags varer og suvenirar. men og trivelige matstader og vakre parkar.onsdag 23. april 2014
Chellah
Romarane hadde nokre støttepunkt sørover langs Atlanterhavskysten som Mogador ( Essaouira), Anfa (Casablanca) og Sala Colonia som låg ved elva Bou Regreg som idag skil byane Sale og Rabat.
Staden vart forleten i 1154 til fordel for Sale på andre sida av elva, men Almohad-dynastiet brukte den som gravsrad. Den svarte sultanenAbu-I-Hassan bygde i 1339 den store bymuren som omkransar gravbyen, ein moske med koranskule og hovedgata, og er sjølv gravlagd der. Men etter det store jorskjelvet ved Lisboa i 1755. med styrke 9.3, er det berre ruinar att.
I dag er staden innanfor murane kalla Chellah, og og innbyggarane er storkar i store mengder. Men framleis kan ein sjå spora etter romarane som bygde Sala Colonia i det vakre park og friluftsområdet som er på staden.

Tvers over eit lite dalsøkk frå muren rundt Chellah'en reiser ein annan mur seg, det er muren rundt kongen sitt område, der slottet hans og regjeringskontora ligg. Dei kvite husa vi ser over muren er ambasadeområdet.
onsdag 16. april 2014
Den store moskeen
Casablanka sitt store landemerke ut mot Atlanterhavet sine brenningar er den store, kvite, moskeen, med namn etter kong Hassan II, som sette igang bygginga av den. Ferdig stod den i 1993, og den er bygd i andalusisk, maurisk, stil. Det er den 7.største i den muslimske verda, og med den høgste minareten av alle. 210 meter høg. Sjølve moskeen har plass til 25.000 inne og 80.000 ute på plassen framfor moskeen under bønetimen.
I underetasjen er der ei store søylehall som minte meg om søylehallen i Cordoba. I denne hallen tek muslimane sitt rituelle vask før bønestunda oppe i moskeen. Nede er det og eit stort basseng. Kva det vart brukt fekk vi ikkje fortalt.

Før vi gjekk inn måtte skorne av, for det var ikkje lov å kome inn på teppa med dei på.
Bileta over er av moskeen utvendig og frå den store bønesalen .
Bileta over er av moskeen utvendig og frå den store bønesalen .
Vidare frå forhalla i underetasjen og frå salen med dei mange reinsingsfontenene der, og det store bassenget i eit rom attved.
For meg som er fasinert av denne andulsiske, mauriske stilen, var den ei vakker oppleving.
For meg som er fasinert av denne andulsiske, mauriske stilen, var den ei vakker oppleving.
Abonner på:
Innlegg (Atom)