Viser innlegg med etiketten Bibelen sine personar. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Bibelen sine personar. Vis alle innlegg

onsdag 1. juni 2016

Nikodemus

Mai er over og juni månad har meldt seg.  Dei varme sommardagane som vi var lova her på nordvestkysten, varde berre nokre få dagar før skodda la seg ned i fjella og byrja gi frå seg væte. Og med solvarmen borte, dala og søyla på gradstokken, Frå heitt soldagane til fjelgt no, og det får ein vel slå seg til tols med.
1.juni er elles ein minnedag på primstaven, og då er det fariesearen og rådsherre Nikodemus som vert minna. Han som kom på nattleg vitjing til rabbien frå Nasaret, Jesus. Den vitjinga som er omtala i det 3.kapittelet i Johannesevangeliet.
Nikodemus vart truleg ein av Jesus sine tilhengarar, og som ein av dei var han og sentral då Jesus vart teken ned av krossen og lagt i den ubrukte grava i hagen.
Det er og ein tradisjon om at Nikodemus fekk smake martyrdøden, og dødsdagen skal visst nok ha vore 1.juni.
Elles er Nikodemus sin dag ein dag då ein kan vere sikker på å få fisk på kroken, difor er og merket hans på primstaven ein fisk på ei snøre.

Henry Ossawa Tanner er meister for dette biletet.

søndag 15. april 2012

Søndagstankar om Peter

Å, for ein strålande vårdag. Eg har funne meg ei lun krå i solveggen. I ly for nordausten som kjøler solvarmen.Til koppen med kaffi les eg denne søndagen sine gudstenestetekster. Dei som og var i fokuset då bibelgruppa vi er med i, samlast i går kveld. Det var Peter i møte med den oppstadne ved Genesaretsjøen som var temaet. Og som så ofte før førde tankane mine meg vekk frå den slagne landevegen og ut på ei humpet og ujamn mark. Men det er dei andre i gruppa diverre ikkje ukjende med.

Svært ofte lever den humpete marka vidare i meg utover natta og neste dag. Slik denne gongen og. Peter slepte ikkje taket, og i solveggen idag dukka han opp igjen.
Peter, den sjølvsikre fiskebåteigaren frå Kapernaum, med stort hus ikkje så langt frå synagoga.  Han som greip tak i Jesus den første sabbaten Jesus var der, og tok han med heim. Til si sjuke svigermor.
Peter som fall på kne framfor Jesus på stranda ein morgon, og som gjekk frå båt, garn og mannskap for å fylgje meisteren.
Men og han som stod ved eit bål inne på øvstepresten sin gardsplass, den tunge natta då Jesus var teken til fange. Og som tre gonger banna og svor på at han kjende ikkje fangen der inne. Endå han nokre timar før høgt hadde proklamert at om alle andre sveik, så skulle ikkje han gjer det.
Kven var du, Simon , Jona sin son?

Du som ein dag oppe i Gallilea, ved Cæsarea Filippi, ved kjelda til Jordanelva, under berget der heidningane tilbad skogsguden Pan, fortumla hadde svara Jesus: Du er Messias, den levande Guds son. og hadde fått høyre; Du er Kefas, Peter, klippa. På deg skal eg bygge mi kyrkje. Du skal få nøklane til himmelriket.



Eg er inne i den store moskeen i Cordoba, oppe på veggen ved inngangen til katedralen, sit ein tettbygd kar. På hovudet har han pavekruna, og i eine handa himmelnøkelen.
Er det ein av pavane som sit der? Eller er det Peter? Han som Jesus ville bygge si kyrkje på? Eg vel å tru det siste. Den første biskopen i Rom. Fiskebåtreiaren frå Kapernaum som forlet alt for å verte menneskefiskar. Sjølv om han truleg bar korkje krone eller flott kappe. Tilslutt vart han boren, ikkje av ein tronstol men av ein kross.

Men teksta i dag fortel om ein annan morgon. Ein morgon med ein Peter som har vore tung til mote. Fordi han hadde vore feig og redd, og hadde svikta meisteren den tyngste natta i Jerusalem. Ikkje berre ein gong, men heile tre gonger.
Eg vil ut og fiske, hadde han sagt kvelden før. Det kan vere bra når ein er full av tunge tankar, å gjere noko. ikkje berre sitje og gruve. Vi vert med, sa dei andre. Heile natta prøvde dei, utan å få så mykje som ein liten fiskepinne. Svart hav.

I grålysinga stod der ein kar inne på stranda. Kast garnet på andre sida båten, hadde han ropt ut til dei. Dei flirte vel seg imellom ute i båten, men dei gjorde som han sa, og under over alle under. Dei fanga så mykje fisk at garnet heldt på å rivne. Det er meisteren, seier ein av dei, og Peter hoppar i vatnet og sym til land.
Der inne ventar bål og fisk. Kom og et, seier han. Det vert eit måltid i stille undring. Så vinkar den oppstadne Peter til sides. Korleis hadde du det då, Peter? Venta du anklage og refs for dit svik, di feigheit, di redsle?
Venta du kniv i ope sår?
Tre gonger spør meisteren; Elskar du meg, Peter? Har du meg kjær?
Og tre gonger må han svare. Til slutt med gråten i halsen. Du veit alt, Herre. Du veit eg har deg kjær.
Og tre gonger får han høyre orda, Fø, ta deg av, gjet mine lam, mine sauer.
Så kjem orda. Dei få men store og vanskelege orda. Fylg meg, seier den oppstadne til han.
Kva tenkte du då, Peter? Tenkte du på fylgjene for livet ditt?
Og på døden din som han og varsla.
Mintest du kanskje ein annan kveld, på ein sal inne i Jerusalem? Då meisteren tok ei vassfat, batt kledet om livet, og byrje vaske føtene dykkar?
Aldri skal du vaske mine føter, forkynte du høgmælt.
Får eg ikkje vaske føtene dine, har du ikkje noko saman med meg, Peter.
Og du snudde tvert. Ikkje berre føtene, men hendene og hovudet med, sa du.
Hugsar du svaret? Den som har bada er heilt rein, og treng ikkje vaske anna enn føtene.
Og korleis han etterpå la til at det var eit eksempel han hadde gitt, eit nytt bod, at som han hadde tent dei, skulle dei tene kvarandre.
Dei skulle ikkje vere herrar men tenarar, det var bodet hans til dei.


Du fekk nøklane til himmelriket, Peter, og du gav dei vidare då du, krossfest i Rom, flytte inn i æva.
Han ba deg vere hans tenar. Han ba deg vaske andre sine føter. Makta du å vere tenar, Peter? Tenar, ikkje herre.
Og dei som kom til å fylgje etter deg. Makta dei å vere tenarar? Eller vart  lysta til å vere herrar til tider for sterk?
I ettertid kan det sjå ut for at mange av dei som skulle vere tenarar, ikkje har makta oppgåva å bøye seg for å vaske nesten sine føter.
Og eg? Maktar eg å vere ein tenar? Eg veit ikkje om eg alltid er der, eg heller. Desverre.

fredag 28. oktober 2011

Isak (5)

Kven var du, Isak?
Du hamnar, på eit vis, midt mellom dei to store. Abraham, far din, og Jakob, son din. To handlinga sine menn.
Men du er så tagal, og levde så stilt.
Du bøygde deg og valde freden når sterke menn reiste seg mot deg.

"Mi redsle" kalla du din fars Gud, som utfordra Abraham til å legge deg på brennofferalteret.
Likevel tykkjest det meg at du med åra, også kom nærare Han.
At Han vart også din Gud, ikkje berre di redsle.

Det vert fortalt at du syrgde mykje då mor di gjekk bort, men at du fekk hjelp i sorga av den nye og unge kvinna som då kom inn i livet ditt.
Rebekka, kona di.
Henne du elska, og som likevel sveik deg i din alderdom.
Som narra deg til å gi di velsigning til Jakob, og ikkje til Esau som du hadde kjær.
Kjende du deg djupt såra då? 
Då du for andre gong i livet vart sviken, narra, av ein du hadde kjær.
Eg trur det.

Eit langt liv fekk du og rik på gods vart du, men det er så lite fortalt om livet ditt i boka.
Kven var du Isak, du tagale og fredsæle mann?

torsdag 27. oktober 2011

Isak (4)

Spjelkavik kyrkje i Ålesund er ei oktogon kyrkje, og oppe under taket i kyrkjeskipet er der ei vindaugsrekkje rundt heile romet. I 2005 vart Håkon Bleken bedt om å fylle desse 96 vindauga med glasmåleri, og han valde å bruke Bibelen sine forteljingar, frå skapinga til nyskapinga.
Så hende det at biskopen i Møre, Odd Bondevik, sette foten ned for eit av bileta. Det var for sterkt, meinte han.
Det synte ei hand som heldt ein kniv over eit barn, og ei anna hand som kom ned og rørte ved knivhanda.
Seinare endra han sitt vedtak, og glasmåleriet kom opp også i det til då tome vindauget.
Leitar eg på verdsveven etter bilete der Isak er motiv, finn eg nokre få av Isak og Rebekka, nokre få av Isak som velsignar Jakob, og mange av når Abraham er i ferd med ofre han.
Og dei gir sterke biletinntrykk.
Ofringa av Isak - Spjelkavik kyrkje
Forteljinga vidare er enkel. Gud går inn i Abraham si handling og stansar kniven. Isak vert løyst, og ein ver som har sett horna sine fast i kjerret like ved, vert teken til offer i staden. Så kjem Guds røyst  endå eingong inn og velsignar Abraham for hans tru og lydnad.
Etterpå, står det, vende Abraham attende til tenarane sine og dei drog heim til Beer-Sjeba.
Slik fekk forteljinga ein lukkeleg ende.

Eller gjorde den det?
For kvar vart det av Isak?
Det står ikkje at han fylgde med faren attende.
Ville han ikkje det?
Gjekk han i staden bort, ut i øydemarka, for å tenke igjenom det faren nær hadde gjort med han?
Eller vart ikkje kniven stogga, og ofringa derfor fullførd?
Hebr.11.19 kan tolkast til at Abraham fullenda sitt ærend på Moriafjellet, sikker i si tru på at etter ofringa hadde Gud makt til å vekkje opp Isak opp frå døden  så han fekk sonen igjen.
Det siste får eg ikkje til å samsvare med resten av fortellinga om Isak.

Både Abraham og Sara lo då dei vart varsla om sonen dei i høg alder skulle få.
Abraham leid vondt då han måtte sende sin eldste son, Ismael,  bort.
Korleis kunne han då få år seinare vere villig å ofre Isak?
Protesterte ikkje Sara med både nebb og klør mot Abraham sin galskap?

Og korleis var tilhøvet mellom  far og son etter hendinga på Moria fjell?
Var det etter den at den milde, fredsame og stillfarande Isak vart fødd?
Det kan synest som om Isak heldt avstand til faren etter hendinga. Han bur ikkje lenger i faren si storfamilie, men held seg i øydemarka i Negev. Og når Rebekka dukkar opp, så fører han henne inn i mora sitt telt, som han har arva.
Det er med sorg han i høg alder opplever striden mellom dei to gutane sine.
Men når han døyr, vert han sameint med faren i hans gravstad i Hebron.

Abraham vert ofte rosa for si tru og tillit til Gud.
Formuleringa Abraham, Isak og Jakobs Gud går ofte att.
Men kva med Isak åleine? Står det noko om hans forhold til Gud?
Ein stad får vi ei lita aning av at det var ikkje så heilt enkelt.
Det er sonen, Jakob, som gir eit lite glimt.
Det kjem når svigerfar Laban når han att, etter at Jakob rømde frå han med heile si familie,
Dei vert samde dei to, og så skal dei ofre ilag. Då er det ikkje ”Abraham og Isaks Gud” Jakob viser til, men Isak si redsle.
Hendinga hadde sett sine spor hos Isak.

Det står ikkje så mange orda om Isak, men dei som står, synest eg teiknar eit bilete av ein mann som vart merkt av den sterke opplevinga han gjekk gjennom i sine ungdoms år.
Isak tyder ”Han lo” og viser til at foreldra lo då dei fekk bodet om sonen dei skulle få.
Kanskje Isak, gjennom opplevinga, fekk ei rik glede over livet som han fekk i gåve, då Herren stogga kniven?
Vart han ein mann med eit lyst sinn, ein som lo?

onsdag 26. oktober 2011

Isak (3)

Den har frå dei tidlegaste tider vore ein snublestein for teologane, den sterkaste hendinga i Isak sitt liv. Fortellinga om det som hende på Guds fjell, Moria berg, som tradisjonen tidleg peika ut til å ligge i / ved Jerusalem. Der tempelet seinare vart bygt, eller der krossen vart reist på Golgata. Men i forteljinga er Isak nesten stum. Det er Gud og Abraham som er aktive i handlinga.

Det er Abraham som er gjenstand for mest hovudbry.
Abraham som ikkje så lenge før hadde gitt seg i forhandling med Guds sendebod, då dei var på veg til Sodoma og Gomorra for utslette byane.
Men no aksepterar han, uten nokon motstand, ser det ut for, Gud påbod om å dra til Moriafjellet for å ofre sonen som brennoffer.

Korleis kunne Abraham gå med på eit slikt krav? Og hadde Gud verkeleg kravt dette av han?
Rekna Abraham med at Gud ville vekkje Isak opp frå dei døde igjen, sidan han hadde lovt Abraham ei talrik ætt? Eller var det Abraham som tok etter skikkane mellom folka han budde hjå, og ikkje noko Gud kravde av han?
Det er nokre av dei store spørsmåla teologane har tumla med.

Vi har eit bilete av Isak som ein liten gut då det hende, men det kan ikkje vere rett.
For, står det: Då dei kom fram bad Abraham dei to tenarane vere att hjå eselet, og så leste han på Isak all offerveden, medan han sjølv bar elden og kniven.
Det var vel ikkje berre nokre vedpinnar som trongst for å få nok eld og varme til offerbålet? Truleg var Isak tenåring. Kanskje endå nokre år eldre. 20 til 37 år har nokre rekna seg til.

"Akeidat Yitchak - The binding of Isaac" av Marc Chagal

 Medan dei er på veg kjem Isak med sitt einaste spørsmål: Far, her har vi veden, elden og kniven, men kvar er brennofferlammet?
Så bygger dei to alteret og legg veden på.
Legg Isak seg opp på veden frivillig  og let seg binde på hender og føter utan motstand, då han skjønar at det er han som er brennofferet? Eller måtte Abraham bruke makt for å få han på plass oppe på alteret?
Det fortel teksta ikkje noko om.

For jødane har denne teksta, som vert lesen i synagoga under minnedagen for alle jødiske martyrar, vore ein snublestein gjennom århundra.
For oss kristne vart fortellinga tidleg ein profeti om Jesus sin offerdød gjennom Abraham sitt svar til Isak: Gud vil sjølv sjå seg ut eit offerlam.
Men det er nok også dei mellom oss som helst såg at den ikkje var med i Bibelen.
Koranen har og hendinga med i Sura 37: ”Vi lova ham ein  son. Då han var stor nok til å gå han til hande, sa Abraham. Min son, eg såg i ein draum at eg skal ofre deg. Tenk over kva du syns. Han svara. Far, gjer det du er pålagd”
Seinare har dei islamske teologane funne ut at det ikkje var Isak men Ismael som skulle ofrast.

 Så legg Abraham handa på Isak sitt hovud og bøyer det bakover så strupen vert spent, grip etter kniven og lyfter den.
Skal tru om Isak var  like roleg då som det Koranen seier?

tirsdag 25. oktober 2011

Isak (2)

Han lagar ikkje mykje styr av seg Isak. Han var ein fredsæl mann som for stilt gjennom livet.
I motsetning til sin far  og son som fekk tildelt nye namn ( Abram vart til Abraham, og Jakob til Israel) så heitte han Isak livet ut.
Det ser og ut til at hans einaste kvinne var Rebekka, kona som far hans henta til han då Isak var 40 år, som han fekk sønene Jakob og Esau med.
Sjølv om han var den av patriarkane som fekk lengst liv, 180 år, så er det lite Bibelen fortel om livet hans.

Det er fødselssoga hans, der det meste handlar om foreldra Abraham og Sara, og Sara sin strid med hans 14 år eldre halvbror si mor. Sara si egyptiske trelkvinne Hagar.
Ei episode fortel om når Isak med si storfamilie bur i filistarlandet, og der det vert strid om brunnane Isak har grave. Og der Isak viser si milde side og søkjer fred, ikkje strid.
Gamal og svaksynt vert han utsett for eit narrespel frå kona og yngste sonen, når Jakob lurer til seg velsigninga som skulle koma Esau til del. Noko som endar med hat og strid mellom brørne.
Men når far deira døyr, står dei to saman om å gravlegga far sin i gravstaden Abraham kjøpte i Hebron.

Der vart han og Rebekka og gravlagde.

Stilt for han gjennom livet. Og stilt er det om han vidare i den jødiske Bibelen (GT). Einaste staden til han dukkar opp, er i Salme 105.9. Der er det vist til at Gud overfor Isak stadfesta den lovnaden han eingong gav far hans, at etterkomarane hans skulle verta talrike som stjernene på himmelen, og Guds velsigning ville vere over han.
I evangelia er han nemnd nokre få gonger, oftast i samband med ættetavlene og med kven Gud er.
Paulus viser tre gonger til han, ut frå lovnaden som Gud gav han.
Og så kjem Hebrearbrevet og Jakobs brev inn på den hendinga som er mest kjend i Isak sitt liv. Den som har skapt så mange problem for teologar og folk med mynde, sjølv i vår tid.
Meir om det seinare.

mandag 24. oktober 2011

Isak (1)

Ei lita soge frå ei tid som var. Den tida då prestane hadde lesing med konfirmantane som skulle fram til overhøyring på kyrkjegolvet.
Og presten var ein som hadde omsut for dei unge. Dei skulle sleppe å stå svarlause den store dagen.
Men så var det Ole då. Han var ikkje av dei glupaste. Kunnskapen hadde ikkje så lett for å verte sitjande hjå han.
Presten grubla ei tid på løysinga for Ole før han fann den.
Han kom på at heime hjå Ole stod det tre kyr på bås.
"Du Ole, dere har tre koer i fjøsen hos dere?
"Jau, vi har då det."
"Du vet, der var tre patriaker, Abraham, Isak og Jakob. Når du nu går i fjøsen, så skal du gi koene hvert sitt patriarknavn. Og hver gang du er der, sier du navnene deres høyt."
Jau det skulle Ole gjere. Og smått om senn seig kunnskapen om dei tre patriarkane og namna deira inn.
Så kom den store dagen.
Kyrkjebenkane var fullsette, og i midtgongen stod konfirmantane i sine beste klær, spente på overhøyringa.
Presten går ned mellom dei. Spør sine spørsmål og får klåre svar.
Han vert rett i godlage. Dette teiknar bra.
Så kjem han til Ole.
"Nå Ole. Kan du si meg hvor mange patriarker vi har?"
"Fire."
Litt uroa spør han igjen.
"Hvor mange patriarker var der i Israel, sier du Ole?"
"Fire:"
"Men Ole, var vi ikke enige om et annet tall?"
"Jau, men ho Abraham fekk kalv i gå."

HA, Ha, ha..ha...ha....  Ikkje eit lite smil eingong.  Nei vel, nei ... då so

Sidan eg fekk den nye bibelomsettinga har han flytta inn hos meg, Isak, den andre patriarken. Og då dukka ho og opp den vesle fortellinga eg presenterte over her.
Han kan synest så anonym patriarken Isak, i motsetning til sin far og sin son.
På mange måtar er han lik sin eldre halvbror, den fjerde patriarken, som Ole sa,  ismaelittane sin Ismael. Og i Islam byter dei plass Isak og Ismael.
Så då kjem eg framover til å undre meg litt, nokre gonger, om Isak. Den anonyme patriarken.


søndag 11. september 2011

Jona

Medan eg sjølv nytta den fine dagen igår til litt rydding utandørs, drog mi kjære på "jentetur" til Gloppen i Nordfjord.
Og kom heim, full av opplevingar etter ein flott tur. Og med mange bilete ho kunne syne meg.

Mellom anna hadde dei vore innom gamle Gimmestad kyrkje.
Der har eg enno ikkje vore. Har berre sett den på avstand der den ligg på ei flate på sørsida av fjorden inn til Sandane.
Men den litt spesielle utsmykkinga som heng inne i kyrkja har eg høyrt om.
Det er mange kyrkjer som har hengande eit kyrkjeskip, men denne har ein kyrkjetorsk.


Balsamert og gyllen måla.

Kvifor ein stor torsk, hengande under taket inne i ei kyrkje?
Den er frå 1700-talet, og heng der for å minne om ein av dei mindre profetane i Det Game Testamentet i Bibelen. Men som same boka fortel, var eit teikn på kva som skulle skje med hovedpersonen i Det Nye Testamentet, Jesus.

Det er profeten Jonas, eller Jona som er namnet hans er i dag, sitt teikn.
Han som vart kasta overbord i ein storm, og som var tre dagar i den store fisken sin buk, før han var spydd opp på tørt land igjen.
Og fortellinga om Jona vart eit teikn på Jesus som var tre døgn i dødsriket, før han igjen steig ut av grava.


Under hovudet på fisken ser vi Jona som vert spydd ut av fisken sin munn.

Men korleis, og kvifor, den hamna der. Sjå, det er ein anna soga som nok ingen idag veit å fortelje.