Viser innlegg med etiketten Maria. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Maria. Vis alle innlegg

søndag 25. november 2018

Pietá

I 2006 vitja mi kjære og eg  Roma, og då høyrde den store Peterskyrkja med.
Der inne fekk vi sjå Michelangelo sin vakre skulptur, Pieta. Godt sikra bak uknuseleg glas, etter at ein forvirra mann gjekk laus på den med hammar i 1972. Det tok 10 månader og setje den attende til sin noverande utsjånad.


Maria, Jesu mor som held sin avlidne son på fanget var eit ynda motiv i mellomalderen, både i måleri og som skulptur, og Michelangelo sin pieta er vel av dei fremste som er skapt av dette motivet.
Eg veit ikkje om eit einaste av dette motivet her heime, men etter vandringsvegane har eg møtt fleire pieta'er,  om ikkje utførde på same "vakre" måten som av Michelangelo.

Der hans Pieta er utruleg vakker med ei ung Maria, har dei eg har sett i kyrkjer og på kyrkjemuseum, ei "røffare" utforming med ei Maria som er ei eldre og sliten kvinne. 
Ho var i slutten av førtiåra då Jesus, son hennar vart krossfest. Og der Jesus og er merkt av tortur og krossfesting.


Men av alle dei pieta eg har sett er det nok dette måleriet frå den store klosterkyrkja i Montserrat som sit sterkast i minnet.
Eg sat i kyrkja under gudstenesta der då eg vart var det i eit sidekapell rett ved sida mi.
Det greip meg djupt å sitje der og sjå på det.


Det er ikkje så mykje det vakre pieta her , meir det hjarteskjerande hjå mater dolorosa, smertens mor.

lørdag 24. november 2018

Maria, Himmeldronninga

Der er ei side av Maria sitt liv som lutheranaren i meger  heilt framand for. Det var nok tilstades også her i landet i dei fem første hundreåra av kyrkja sitt liv hos oss, men som vart borte etter reformasjonen. Sjølv om det nok levde i vidare lenge i folketrua.
Det er den opphøgde plassen som Maria har i dei katolske landa.
I kyrkjene, men og utanfor kyrkjene har eg funne Maria, ei ung og vakker Maria i vakre klede, sentralt plassert. Gjerne med krune på hovudet.


Kanskje kan desse bileta frå det store klosteret Montserrat, i fjella utanfor Barcelona syne den plassen Maria har i katolsk liv.


Maria, som når ho døyr, vert teken opp til himmelen der Jesus ventar på henne.


Og der ho så vert krona  som Guds mor, himmeldronning.

Desse to siste bileta er frå ein pilegrimsveg, ein meditasjonsveg med fleire stasjonar med bilete frå Jesus og Maria sine liv, uthoggen i bratte fjellveggen frå det store klosteret og til ei mindre kyrkje lenger borte i fjellveggen.
Men motiva fann eg ofte att i dei store kyrkjene langs vandringsvegen, både inne i kyrkjene og som billedfriser, tympanum, over portane inn til kyrkjene.


Denne katolske vørdnaden for Maria er heilt framand for meg med min bakgrunn i luthersk piestisme.

fredag 23. november 2018

Mater dolorosa


På Filefjell var det opphaveleg ei lita stavkyrkje, bygd på 1160-talet og vigd til den engelske erkebiskopen Thomas Becket av Canterbury som vart myrda framfor alteret i kyrkja si.

St Thomaskyrkja på Filefjell var ein samlingsstad for bygdene i Valdres, Lærdal og Årdal i Sogn, men grunna mykje festing i samkomene, fekk presten i Vang kyrkja reven i 1808.


Men i 1997 vart det reist ei ny kyrkje på Kyrkjestølen på Filefjell.


På alteret i den nye St Thomaskyrkja finn ein i dag alterbiletet frå den gamle stavkyrkja.
Og som det einaste alterbilet eg veit om, er alle læresveinane med på det. I ein krans rundt det sentrale biletet av Jesus på krossen, kan ein sjå kva avferd den enkelte av dei fekk.


Det sentrale biletet syner Jesus på krossen, med Maria og Johannes ståande på sidene. Men Jesus er her krossfest på den blømande krossen.

Den blømande krossen har eg sett berre i ei anna kyrkje, i Hornindal kyrkje. Men i armenske kyrkjer finn ein den ofte. Truleg er bakgrunnen Jesus sine ord om at fell ikkje kveitekornet i jorda og døyr, er og vert det berre eit korn, Men døyr det, gir det stor grøde.
Kanskje handlar den armenske kyrkja sine blomekrossar om dei armenske martyrane sitt blod?


Men i biletkransen over det sentrale biletet finn vi og Maria, men då som Mater Dolorosa.
Her er Maria teikna med fleire sverd inn i kroppen. Bakgrunnen til det finn vi i Lukasevangeliet. 
Der seier Simeon til Maria, den dagen Maria og Josef kjem til tempelet med Jesusbarnet, at gjennom henne skal det og gå eit sverd.

Mater Dolorosa kjem frå ei gamal latinsk hymne frå 1200-talet, som byrjar slik; Stabat Mater Dolorosa. som omsett til mitt mål tyder; Stod der moren, fyllt av smerte.

torsdag 22. november 2018

Maria, Jesu mor

I våre lutherske kyrkjer, i motsetnad til dei romersk katolske eg har vitja, er Maria nesten fråverande i det eg vil kalle kyrkjene sin billedbibel. Med andre ord utsmykking i form av billete, altertavlar og anna kunst. I dei katolske er ho mykje meir tilstades både over alter og i sidealter.


Kanskje hadde ho ein større plass her i landet og før reformasjonen vart innførd ved kongeleg vedtak. No er det mest berre på noke altertavler vi finn henne, og då er det når ho får vitjing av engelen som fortel at ho skal verte mor.


I Betlehem med barnet på fang etter fødselen, og med vitjing av hyrdingar og vismenn frå aust.
Og det er gjerne i form av ei julekrubbe.


Og ståande ved krossen på Golgata.

Slik finn vi henne og i mi heimekyrkje.
På bodskapsdagen i Nasaret, ved krossen på Golgata, på det førreformatorisk alterskåpet.
Og i julekrubba som er av ein nyare tradisjon.