Viser innlegg med etiketten Ymse. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Ymse. Vis alle innlegg

mandag 3. desember 2018

Grått ute

På versida har ikkje denne dagen vore av dei mest minnerike.
Mi kjære har ført logg over været dei siste fem åra, og dagen i dag stemme godt med det som er notert frå tidlegare år. Grått og vått.
Der er ein julesong, eller kanskje vi heller skulle sei ein adventssong, som byrjar slik " Kaldt og mørkt og lite sol, soleis er det fram mot jol.."
Men om veret har vore av det våte og grå i dag, så får ein heller drøyme om den kvelden som synte seg slik for nokre dagar sidan.

fredag 30. november 2018

Novemberver.


Etter dagar med kaldt og fint ver, skifta det brått på onsdag. På under ein time gjekk temperaturen opp fleire grader, frå minus 3 til pluss 8. Og i går var målaren heilt opp i pluss 14. Det var nok eit sterkt lavtrykk vest i havet som gav oss den varmen ifrå sørlegare breddegrader. Det brukar vere minusgrader og snø no i overgangen mellom november og desember, men ikkje slik i år. Og i natt fekk dei merke sterk vind i ytre strøk. Her inne i fjorden var det berre nokre vindroser, som rett nok tok i så det merkast.
Men no melder Yr kjølegare vindar att, så kanskje vi får ein omgang med snø over helga.
Snøfresen er klar til bruk om behovet skulle melde seg.

torsdag 26. april 2018

Ut å gå igjen?

Det er noko med å vere vandrar som er vanskelg å få ut av blodet når ein først har prøvd det.
Og vi har prøvt det nokre gongar.
Første forsøk var i Valdres, men så flytta vi oss sørover, til Frankrike der vi byrja å gå frå Le Puy en  Velay. Sørvestover til Pyreneane og over grensa til Spania. Og så vidare vestover til Santiago de Compostela. 6 år brukte vi på den vandringa. Seinare har vi vandra den spanske St.Olavsvegen sørover frå Burgos til Covarrubias, og to gonger Camino Ingles sørover frå Ferrol til Santiago. Siste gongen hadde eg før vandringa drege på meg ei ryggskade som som sette meg noko attende fysisk. Då trudde eg at dette var nok siste gongen.
Men ein gong vandrar, alltid vandrar?
I alle fall har vi smått byrja tenke på ei ny vandring i nord-Spania. No er det Camino Primitivo vi har i tankane., og det er inga flat vandring. På den vegen er det mange bakkar å kome opp, for ikkje å snakke om ned. Det fekk eg erfare siste året på Camino Frances, då eg gjekk overende på stien og kom haltande fram til Santiago.


Kvifor den caminoen?
Det er Oviedo som er startbyen, og i ei kyrkje der har dei oppbevart ein gamal ansiktsklut, eit sudarium, so seiest å vere den ansiktskluten som dei la over ansiktet til den døde Jesus for å samle opp blodet som rann der. Den som låg låg samanrulla for seg sjølv på gravbenken då Peter og Johannes kom inn i grava påskemorgonen.Den vert synt fram i kyrkja ein av dagane i september, og den har vi lyst å sjå. Derfor vert starten på vandringa i Oviedo, så får vi sjå etter kvart kor lang vi kjem. Om vi kjem heilt til Lugo som tanken er.
No er det berre å gå igang med intensiv trening for føter og rygg!
Så får vi sjå når september er her.

torsdag 10. november 2016

Sommerfugl i vinterland

Ute har det vore kuldegrader i fleire døgn, men i dag fekk vi ein gjest på kjøkenet. Ein gjest som høyrer varmare årstider til.  Men kva slags gjest det er, utanom å vere det vi kallar sommarfugl, sjå det veit eg ikkje å sei. Og kanskje kom den ikkje utanfrå heller, men frå ei puppe som har vore innandørs sidan varmare dagar, og så vorte klekt ut  av husvarmen. Men den har nok hamna i feil årstid kvar den så kjem frå.

mandag 8. august 2016

Kaupanger

Så har vi gjort ei mellomlandig i Sogn på vår veg til Hallingdalsfjella. Vi er oppe i Kaupangerbakkane ein grå morgon og med meldt mykje regn utover dagen. Her oppe i lia har vi fin utsikt over Kaupangerbukta, og bortanfor Amlaholten ser vi ein glimt av Sognefjorden. Men Kaupanger med hovedhusa på godset og den gamle kyrkja frå 1200-talet er ikkje å sjå frå her eg er. I mellomalderen låg der ein kaupang, ein kjøpstad, der ned på flata ved bukta, men ein dag i borgarkrigsåra segla kong Sverre med sine birkebeinarar inn bukta, og då dei reiste igjen hadde av kaupangfolket mist livet og kaupangen var berre rykande ruinar. Seinare kom danske adelsmenn inn og skapte seg eit stort gods her med vide skogar høyrande til. Og litt lenger oppe i lia over hovedhusa på godset ligg den gamle stavkyrkja som framleis samlar soknet til gudstenester. Og i morgon køyrer vi vidare mot Hallingdal, eg må berre først få tetta eit bilhjul som ikkje held på lufta.

fredag 5. august 2016

Sommararbeid

Harald Sætre sitt bilde.Det er på det meste same bilhuset, men det er ikkje berre fargen som er ny. Det er berre sperrene og portane som er frå den gamle, resten er nytt. No er det litt listing som står att før ein kan seie seg ferdig med eit arbeid som vart meir omfattande enn eg i utgangspunktet såg føre meg. Og no er ryggplaga eg drog på meg i starten midt i juni, og i ferd med å bli bra. Grunna den vart eg i lang tid berre sitjande å sjå på at sonen gjorde arbeidet. Men idag kan eg vel vere nøgd, både med arbeidet og med å ha nådd endå ein milepæl i livet. Det er litt rart at alderen ser ein og kjenner berre i og på kroppen, resten er berre ungdomen endå.

onsdag 27. juli 2016

Og dagane går

Etter at nettavisene i fleire veker har annopnsert " at no kjem sommaren og tropevarme", såg eg nett no ei som skreiv om at no kjem haustværet med regn. Ja det er då godt at vi har nettavisene som kan halde oss orientert om dei viktige sakene i livet.

For meg har det vore ein heller roleg sommar uansett om det har vore sommarsol med tropevarme, eller torevær og regn som har bøtta ned.  Vi har smakt begge deler og er vel nøgde med det vi har fått - så langt.

Men at sommaren er på hell er ikkje til å kome forbi. Blåbæra er modne, og stikkelsbæra byrjar gulne. Så mykje meir har eg ikkje vore i kontakt med av den slags gleder, til det har eg vore for lite mobil. Eit stunt for nokre veker sidan gav med ein vond rygg, og det ser ut for at det vil ta si tid før alt er som før i den delen av meg.
Men ein busk hjå oss har gått inn i si andre periode av å vere fruktbar. Eg har ein hyll nede i bakken som står med raude bær, til glede for bæretande fuglar. Samstundes som den er i gang med si andre bløming. Så det vert nok meir raude bær til glede for fuglane ut på hausten.
Og kanskje ein skal ta litt lærdom av den busken. Ikkje sjå alt som over om ryggen er litt vond, men gå i gang å legge panar for ei "second" bløming til hausten?

søndag 24. juli 2016

Fly

Eg høyrer duren over meg og lyfter augene mot himmelen, og då ser eg dei lyse kondensstripene teikne sine band mot det blå, og litt framfor dei, ein liten lys flykropp.  På enkelte dagar kan det synest som om dei kjem i kø der oppe. Mest frå aust mot vest, men ein del og den andre vegen. Kvar kjem dei ifrå, og kvar er dei på veg? Dei som flyg mot vest skal vel over havet til ein stad i landet der vest, men kvar? Det er det berre for meg å undrast på.

Fly. Eg har opplevd det meste av bygda vår si flysoge, enn så langt.
Mor mi fortalde om då første flyet kom til bygda. Då slepte folk alt dei hadde i hendene og sprang til ein utsiktsstad for å fylgje med på storhendinga.

Sjølv var eg fødd på den tida då fly ikkje varsla berre godt, men krigshandlingar. Mi svigermor som var tenestegjente på ein gard fortalde om ei vårdag i 1940. På tunet låg utslitne soldatar  på veg bort frå kampane på Lesja. Ho hadde mjølka kyrne og fyllt opp sepratoren, men då lyden av den høyrdest var tunet brått tomt for soldatar. Lyden av fly hadde sett sine djupe merke i dei.
Mor mi gøymde seg med vesleguten bak skorsteinen nede i kjellaren medan skotsalvene knitra og braka mellom fjella. Hendinga sette sine spor i meg, så rett etter krigen var over, sprang eg for livet for å kome i hus når lyden av fly lydde i bygda.
No er det i andre land i verda at lyden av fly skaper redsle hjå born og vaksne.

Men med tida endra det seg for meg, og flylyden skapte nyfikne. Det bar bod om at eit sjøfly kom på vitjing, og det var moro å fylgje med på.
I min ungdom fekk bygda ein småflyplass, og flydur kom til å verte daglegdags i åra etterpå. Og ein dag sat eg sjølv i eit fly på veg opp mot det blå og såg fjorden, bygda og fjella verte små under meg.

Og i dag sit eg og ser store fly, det eine etter det andre, teikne sine striper av eksos på himmelen. På veg mot vest, eller aust, med fleire hundre menneske ombord. Og eg tenkjer at det er litt av ei utvikling sidan mi mor sprang føtene av seg for å sjå eit lite fly lande på jordene inne i fjordbotnen.

søndag 17. juli 2016

Vått

Det var ein værmeldar som for nokre dagar sidan sa det om yrket sitt, at det var kvalifisert tipping.
Og det må nok seiast at det er ikkje alltid dei treffer med tippinga si, sjølv om ho er aldri så kvalifisert.
Som i dag. Delvis skya opphaldsvær , melde dei, men det vart nok ein viss bom der, for ute er det heller vått og grått.

mandag 11. juli 2016

Mot kveld

Det vart værbyte. Blå himmel og sol vart bytt til grå skyer over fjordlandet. Slik det ofte hender her ute mot vesthavet.
Men sjølv grå skyer og kveldslys har sin sjarm. Slik såg sørhimmelen ut når det gjekk mot kveld  i går. Men ned mot fjella var der eit område i dei grå der dei var noko tynnare, og der farga den sigande sola dei med eit gyllent skjer. Og borte mot fjella hadde skodda byrja og legge seg som eit tynt slør.. Eit varsel om at når eg vakna denne morgonen ville fjella og liene vere gøymt bak eit skoddeteppe.

søndag 26. juni 2016

Regnbogen

Det står skrive i den store boka at etter at Gud hadde lete vatnet fløyme ut over heile jorda så alt liv vart sletta ut, unnateke Noa og hans familie og dei dyra han hadde i båten sin, så sette Gud regnbogen på himmelen som eit teikn på at aldri meir skulle ein slik flaum dekke jorda. Årsaka til flaumen var vist at Gud hadde sett seg lei på all vondskapen som rådde grunnen mellom alle dei han i si tid hadde skapt. Skal tru om Gud med det trudde at så ville skje, at vondskapen sine frø ikkje ville spire på nytt i Noa sine etterfylgjarar? I så fall tok han nok grundig feil, det har vår gamle soge så tydeleg synt, og syner enno diverre.

Men det var noko anna den duble regnbogen fortalde meg på jonsokaftan. Den fortalde meg at no vert det værbyte. Som det som så ofte før om åra har vorte ved jonsok. No er vi attende til normalen her ved Stadt, Dei mange soldagane er over for denne gongen. No vert det sørvesten og nordvesten som vil råde grunnen, og med det kjem og regnbygene drivande inn frå havet.  Ein får vone at det vert nokre dagar inn i mellom då sola igjen får velsigne oss med si lys og varme, og at det ikkje vert så gale som ei nettavis spådde; at no er det berre å belage seg på store mengder med regn og flomdigre elvar.

lørdag 25. juni 2016

Snegelen

Laurdag. Ein grå dag. Skodda heng langt ned i fjella. På fjorden sig båtane sakte fram etter småbårene, etter dei heng den tynne nylonsena. Det er laksen dei prøver å få til å bite på sluken i enden.
Sjølv sit eg inne, les avisa, drikk kaffi og prøver å finne ei god stilling for ryggen min. Han er noko vond etter eit stunt som gjekk skeis. Men det ordnar seg nok etter kvart,
Slik går no dagane, er eit ord fleire nyttar når dei summerar opp sine dagar. Alt er med det gamle.
Eller er det det?

Her ein soldag for noko sidan sat eg og såg på noko som har vorte meir vanleg med åra. Ein liten snegel. Ikkje ein brunsnegel som alle ynskjer livet av, eller ein boasnegel (eller kva dei no vert kalla) som alle med eit fann ut var nyttig i kampen mot dei brune. Dei var og ukjende for ikkje så mange åra sidan. Kvar dei kom i frå, og korleis dei med eit vart vanlege over alt, har ingen endå kunne gitt ei rimeleg forklaring på.

Nei ein liten lys ein med hus på ryggen Eg kan ikkje hugse dei heller frå min barndom, men no finn eg slike snegelhus, med og utan snegel i, både titt og ofte. Så eit kvart er det som har endra seg. Klimaet, eller kva det no er?

Han kom sigande over borda på terassen. Eg fanga han opp og fekk han ut på rekkverket, men der likte den seg ikkje. Seig ned på kanten og inn i skuggen. Der slo han seg til ro.
Eg tykkjer husa dei har på ryggen er fasinerande å sjå i sine mange fargar og mønster. Ikkje berre lyse i fargen slik denne var.

torsdag 23. juni 2016

Jonsokkveld

I år vart det ikkje jonsokbål på meg, var heime med vond rygg. I staden lyste regnbogen opp kveldshimmelen for meg.

søndag 19. juni 2016

Ikkje alle dagar er like


Ikkje alle dagar er like her vest. No har vi hatt soldagar lenger enn normalen her på våre kantar. Denne starta med lave skyer som slepte frå seg litt vått. Det betra seg utover dagen, og i skrivande stund skin sola mellom kvite skyer. Men det er teikn å sjå som tyder på at soldagane snart er over. Sørlege vindar vil snart jage bort den kjølege nordavinden, og med sørvesten kan vi vel vente eit våtare værlag, og då er vi attende til det normale været her vest. Men takk for alle gode og solrike dagar vi fekk, om vinden var noko kjøleg av seg på utsette stader.

mandag 13. juni 2016

Kviven

Det er triveleg å vakne til morgonar der sola skin frå klår himmel og ein kan lage til frukosten inne, for så å bere den ut i morgonsola og nyte den der. Til song frå småfuglane i trea og la auge kvile på fjell og fjord bada i sola sine strålar.
Slike morgonar har vi hatt mange av dei siste vekene, og vi gler oss så lenge det varer, for ein morgon vil kome då skyene heng regntunge over bygda. Og då er det ikkje sikkert kva tid vi igjen får slike morgonar.

Men i går avslutta vi morgonstunda heime og tok turen til ein dal der vi ikkje har vore før.
Det var tillyst friluftsgudsteneste på Kvivssætra over Kalvatn i Austefjorden. Og då nytta vi høvet og tok turen dit.
Det var soknepresten i Hjørundfjord som leidde gudstenesta, og mykje folk var samla på sætervollen.
Det er ikkje nokon lang dal, men han var frå gamalt av ein viktig ferdselveg mellom bygdene våre her på søre Sunnmøre og over Kviven til Hornindal og Stryn i Nordfjord.
Den vegen gjekk over skaret ein ser på biletet, fremst i dalen. Kanskje eg skal prøve meg på den turen ein dag med godvær.

lørdag 28. mai 2016

Blømande blomar

Så har stativet for foring av småfuglane fått ei ny oppgåve. Borte er solsikkefrø, meisebollar og fuglefrø som mi kjære sørga for at det alltid var nok av i den kalde årstida. No har ho i dei siste varme og solrike dagane vore oppteken med å plante og henge opp fargerike blomar. Til glede for meg som får lov å nyte fargefloren.

fredag 27. mai 2016

Å leva

Å leva, det er å elska det beste di sjel fekk nå;
å leva, det er i arbeid mot rikare mål å trå.

Å leva, det er i livet Å finna det største verd;
Å leva, det er å vinna til sanning i all si ferd.

Å leva, det er å leggja All urett og lygn i grav;
Å leva, det er som havet Å spegla ein himmel av.

Anders Vassbotn 1892

onsdag 25. mai 2016

Om litt er kaffien klar

Dette var ein annan morgon enn i går. Sol og klår himmel. Og det skal vare nokre dagar, seier værspåmennene. Måtte dei få rett.  Eg har sett fram i sola godstolen, og om litt er kaffien klar.  Snart har mi kjære og forlete sengevarmen, og då vert det frukost i solveggen. Kan ein då få betre morgonar enn denne?

tirsdag 24. mai 2016

Von i hangande snøre

Så langt har vi hatt ein heller kjøleg og grå vår her ute på Mørekysten. Det er ikkje så mange soldagane vi har kunna gle oss over, men no seier værmeldarane på YR at det er von i hangande snøre. Dei lovar faktiske at i dagane framover så skal vi få varmare vær, og det både takkar og bukkar eg for. Så får vi sjå om lovnaden ville halde seg, eller om været, og varmen, kan vere vanskeleg å spå om denne gongen og, sjølv for værmeldarar frå YR.

lørdag 30. april 2016

30.april

Ein solrik dag i solkroken framfor stova med kaffikopp og bok innan rekkevidde. Siste dagen i april. Til natta tek vi steget inn i mai.
Etter mange veker med kaldsneke vær, varmar sola nesten i meste laget for ein vinterfrosen kropp.
Værmeldarane melde om fare for kraftige vindkast frå sør-aust på utsette stadar, men her har det vore berre nokre greler fjorden av og til, då eg har sett at han bryt seg opp i kvite båretoppar.
Her nede ved fjorden har gule løvetann, eller kappilaup som var namnet i min barndom, byrja å setje farge på marka, men oppe i høgda må ein nok vente nokre dagar til på våren.
Midt oppe i liene har våren greidd å tine fram snøfrie flekker, men lenger opp mot toppane er der framleis rikeleg med snø til dei som ynskjer å gjere skisesongen så lang som mogeleg.