Viser innlegg med etiketten Kristi kyrkje. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Kristi kyrkje. Vis alle innlegg

lørdag 22. januar 2011

Dei ortodokse aust-kyrkjene (3)

Ute er det ein våt og grå dag, og på TV-skjermen er det skiskytingstafett i eit solfyllt Sør-Tyrol.
Eg er der med eit halvt auge, medan eg på PC'en har googla på kristentrua sine eldste røter i Kina.
Underleg å tenkje på at eg voks opp, og lærde, at den kom til Kina med vestlege misjonærar der James Hudson Taylor var det store namnet.

Men det er aldri for å lære noko nytt, og få eit utvida perspektiv på kvar truande i Kristi kyrkje har sett sine spor i verda, og det mykje tidlegare enn eg ante.
Og endå ein gong er det dei syrisk ortodokse, eller den arameiske kyrkja (eg er ikkje heilt klår over skildnaden på den namnebruken) som vandrar mot aust med evangeliet, og i si tid sette tydelege spor heilt til havstranda der aust.


I 1635 vart det funnen ein nedgreven stein ved den gamle kinesiske hovedstaden Xi'an.
Den synte seg å vere påskriven ei heil soge (i kinesisk og syrisk skrift) om korleis den "Lysande trua frå Syria" kom til Kina med munken Alopen i 640.
Han lærde seg kinesisk, og etter eit par år kunne han gi keisaren ein omsetting av evangelia til kinesisk. Noko som vart godt motteke.
Det vaks fram ei nokså stor kinesisk kyrkje med fleire biskopar, og mange kloster.

Steinen vart reist den 7.januar i 781.
På 700-talet byrja budhismen å breie seg i Kina, og i 840-åra sette keisaren igong trengselstider for budhistane, og då vart også dei kristne hardt råka, samstundes som islam spreidde seg inn over kristne område i vest, og slik stengde vegen mot den syriske morkyrkja.
I desse åra vert steinen, som m.a. er kalla Nestorianar-steinen, greven ned, gøymd og gløymd i 800 år.
I åra etterpå vart nok trua samanblanda med, og gjekk opp i taoismen og budhismen. Forskarar meiner å finne kristne spor i desse religionane i Kina, i tillegg til mange arkeologiske spor etter kristentrua.

Den står no i eit museum i Beijing, men der er kopiar av den på museum både i England og i USA. På sin opphavelege stad ved Xi'an står der og ein kopi ved ei pagode som no er budhistisk, men som opphaveleg var ei kristen pagode.

onsdag 19. januar 2011

Dei ortodokse austkyrkjene (2)

St. George -kyrkja, Es'ra, Syria

I dag vil eg skrive litt gamal kyrkjesoge som fortel noko om kvifor dei ortodokse austkyrkjene har vore så ukjende for oss i vårt protestantiske nordvest.
Og det sjølv om dei er kyrkjer med røter heilt attende til apostelane.
Ein grunn er nok at fleire av dei kom til å hamne under muslimsk herrevelde.
Men eit ulukkeleg kyrkjeskisma spelar nok og med.

Skisma har alltid fylgt Guds kyrkje. Og aldri så ofte som nettopp i vår tid.
I dei første åra var det ei kyrkje, om der var fleire sentrale og likestilte kyrkjesete, Jerusalem, Antiokia, Roma og Aleksandria.
Når kristendomen så vart staten si offisielle tru, fekk dei ulike trussynspunkta større aktualitet. For å løyse stridsspørsmåla vart det kalla inn til fleire kyrkjemøte.
Det var særleg spørsmålet om kven Jesus var, som gjennom fleire kyrkjemøte vart drøfta.

I Nikeakyrkjemøtet i år 325, var det striden rundt Arius som var sentral. Arius lærde at Logos (Ordet) i Jesus Kristus ikkje var Guds einborne Son, men var den første som Gud skapte. Altså; skapt, men ikkje fødd av Gud. Likeins forkasta han læra om den treeinige Gud. (Slik Jehovas Vitner lærer i vår tid).
Dette vart avvist i Nikea, og kyrkja samla seg om den nikenske trusvedkjenninga.

I Konstantinopel kjem det så ein ny biskop som heiter Nestorius. Ein mann som er ein ivrig motstandar av all vranglære.
Over tid har det utvikla seg ein praksis i kyrkjene om å kalla Maria, Jesus si mor, for Guds mor sidan ho fødde Guds son til jord.
Dette grip Nestorius fatt i. Ein kan ikkje kalle Maria for Guds mor, eller Gudsføderske, seier han.

Keisaren kallar inn til eit nytt kyrkjemøpte i Chalkedon i 451, og der vart trusvedkjenninga frå kyrkjemøtet i Nikea i 325 stadfesta som dåpssymbol for den almenne kyrja.
Kyrkjemøtet er splitta mellom dei som er på Nestorius si side, og dei som står fast på den utvikla tradisjonen.
Skiljet går mellom kyrkjene under Roma og Konstantinopel på eine sida, og dei ortodokse på den andre sida, dei syriske, armenske, georgiske, koptiske og etiopiske kyrkjene.

Det endar med at det Nestorius lærer vert dømd som vranglære.
Grunnen til at det vart slik, kan vere at det då, som i dag, var politikk og sterke menneske (på den tida, helst menn) inne i prosessane fram til at det endelege resultatet synte seg. Austkyrkjene som fylgde Nestorius si lære vart støytte ut som vranglærande kyrkjer.

Eg trur kanskje at vi protestantane lett kunne hamna på Nestorius si side i synet på Maria. Vi har nok enno idag litt problem med katolikkane sin kultus av Maria som Gudsmoder og himmeldronning. Eller kva?
Men eg er litt nyfiken på kva tidspunkt i Jesus sitt liv dei meinte at desse to naturane vart sameinte i ein person? Var det etter fødselstimen eller var det ved dåpen i Jordanelva, eller - ?

Kva lærer så desse kyrkjene?
Mar Babai den store skreiv denne tilbedingshymna i det 6.århundre

Ein er Kristus, Guds einborne Son
Tilbedt i to naturar av alle
Som Gud avla av Faderen
Utan byrjing, før alle tider
Som menneske fødd av Maria
Då tida var fullkoma, sameina i ein lekam
Hans Guddom er ikkje av mora sin natur
Som menneske ikkje av Faderens natur
Begge naturar sameina i ein substans
I ein person og i ein relasjon som Son
slik Guddomen er tre substansar i ein natur
På same måten er Sonen sine to naturar, ein person.
Slik har den Heilage kyrkja lært.

(omset frå engelsk av meg)

tirsdag 11. januar 2011

Dei ortodokse aust-kyrkjene.(1)


Kristus Pantocrator. Mosaikk frå Hagia Sofia i Istanbul. Tyrkia

Eg er med i ein lokal Y´s Men´s Club, og i går kveld var vi samla til vårt første møte i dette året.
Kvelden sitt tema var ei billedreise til det kristne aust, slik dei nestorianske kristne (syrisk-ortodokse) skapte det gjenom sin misjon alt frå kristendomen si første tid.
Ei kyrkje som reknar sine røter attende til Antiokia i år 37, der dei truande for første gong vart kalla kristne. Og dei har Peter som sin første biskop.
Deira misjon nådde heilt aust til Kina.

Det var prosten vår. Kjetil Frøysa, som fortalde frå si studiereise etter desse røtene.
Det vart ein interessant kveld, der eg også fekk høyre om ting som var ukjende for meg.
Vi har ikkje lært så mykje om den kristne kyrkja aust om Middelhavet, aust over det asiatiske kontinentet.

Sjølv byrja eg mi oppdagingsferd i denne delen av kristendomen si soge for mindre enn 10 år sidan. Det har på mange måtar vore ei utfordrande oppdagingsferd å finne at vi her i vest har vore så fokusert på vår eigen trusnavle, at desse våre syskjen har vore, og kanskje endå er, så heilt utanfor våre synsfelt.
Og endå ein gong er det verdsveven som har fått lov å opne mine auge inn mot dette ukjende landskapet i Guds rike.

Berre ta eit emne som er svært sentralt for oss kristne, Bibelen.
Eg har lært om ulike omsettingane frå hebraisk og gresk til latin, og så vidare til dei ulike språka. Alt frå den første omsettinga i år 70.f.Kr, Septuaginta.
Og eg har vore inne i grotta i Betlehem der Hieronymus på slutten av 300-talet sat og omsette Bibelen til latin. Det som med tida vart den romersk-katolske kyrkjebibelen, Vulgata.

Men visste eg at dei syrisk-ortodokse fekk Bibelen (GT) på arameisk alt i det 2. årh.e.Kr.
I det 4.århundre kom også NT, og Bibelen var samla. Den fekk seinare namnet Peshitta, som tyder "felles".
NT kom seinare enn GT på grunn av at i det 2.årh.e.Kr, vart laga ei samanstilling av dei fire evangelia. Slik vi gjer når vi lagar barnebiblar t.d. Den vart kalla "Diatessaron," som tyder samanstilling av fire. Den vart brukt til heile Bibelen var omsett til arameisk.

Denne Peshitta-omsettinga har vore kyrkjebibel i den syrisk-ortodokse sidan.
Og arameisk har vore deira liturgiske kyrkjespråket.
I den indiske kyrkja på sørvestkysten av India (Thomaskyrkja) har dei omsett den vidare til det lokale språket.